Rotasjonsperiode
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotasjonsperioden er den tida det tek for ein lekam i rommet å rotera éin gong rundt sin eigen akse. For solide lekamar er rotasjonsperioden den same over heile lekamen, men for lekamar sett saman av gass eller væske vil rotasjonsperioden vera ulik ved ekvator og polane.
[endre] Rotasjonsperioden til nokre kjende lekamar
Sola | 24,66 d ved ekvator, om lag 35 døgn nær polane |
Merkur | 58,6462 d (58 d 15,5088 t) |
Venus | −243,0185 d |
Jorda | 0,997268 d (23,9344 t) (86164 s) |
Månen | 27,321661 d (bunden rotasjon) |
Mars | 1,025957 d (24,622962 t) |
Jupiter | 0,413538021 d (9 t 55 min 29,685 s) |
Saturn | 0,4440092592 d (10 t 39 min 22,40000 s) |
Uranus | −0,718333333 d (17 t 14 min 24,00000 s) |
Neptun | 0,67125000 d (16 t 6 min 36,00000 s) |
Pluto | −6,387 d (6 d 9 t 17,6 min) |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |