ABM-utvikling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ABM-utvikling - statens senter for arkiv, bibliotek og museum er eit norsk statleg senter med ansvar for samordning og utvikling av arkiv, bibliotek og museum. Senteret vart oppretta den 1. januar 2003, ved ei samanslåing av Statens Bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk Museumsutvikling.
ABM-utvikling er organisert under Kyrkje- og kulturdepartementet (KKD), men vert leiga av eit eige styre med representantar både frå KKD, Miljøverndepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. ABM-utvikling er organisert med tre avdelinger: Ei utviklingsavdeling, ei administrasjonsavdeling og ei informasjonsavdeling. ABM-utvikling vert leia av direktør Jon Birger Østby, den tidlegare leiaren for Norsk Museumsutvikling. ABM-utvikling er mellom anna ansvarleg for drifta av kulturnett.no og samarbeidsprogrammet Norsk digitalt bibliotek.
[endre] Lenkjer ut
- ABM-utvikling sin nettstad
- kulturnett.no
- Norsk digitalt bibliotek
- Stortingsmelding. nr. 22 (1999-2000)- ABM meldinga
Kjelder til kunnskap og oppleving Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet