Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Noreg - Wikipedia

Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For andre tydingar av «Norge», sjå Norge (fleirtyding)

Kongeriket Noreg (Kongeriket Norge; nordsamisk Norgga gonagasriika, lulesamisk Vuona gånågisrijkka, sørsamisk Nøørjen gånkarijhke) er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grenser Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Noreg er langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men begge desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på is. Grunna usemje om delelina mellom norsk og russisk territorialfarvatn i Barentshavet er der eit område som inntil vidare blir administrert av båe statane, den såkalla gråsona.

[endre]
Kongeriket Norge
Kongeriket Noreg
Det norske flagget
Det norske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Einig og tru til Dovre fell
Geografisk plassering av Noreg
Offisielle språk Norsk1
Hovudstad Oslo
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Harald 5.
Jens Stoltenberg
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
324 220 * km² (118.)
6,0 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
4 593 041 (114.)

14/km² (166.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Respektert
Frå Sverige
7. juni 1905
26. oktober 1905
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
193 660 mrd. USD (43.)
41 941 USD (2.)
Valuta Norsk krone
Tidssone UTC +1
Nasjonalsong Ja, vi elsker dette landet
Nasjonaldag 17. mai
Internasjonal telefonkode +47
Nasjonale toppdomene .no .sj .bv 2
1 Bokmål og nynorsk er jamstelte skriftformer. Sju kommunar har samisk som administrasjonsspråk, éin har finsk.
*Flatevidd inkl. Svalbard og Jan Mayen er 385 199 km2.
2 .sj (Svalbard og Jan Mayen) og .bv (Bouvetøya) er ikkje i bruk.

Innhaldsliste

[endre] Historie

I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 870, og grunnla det første norske kongssetet på AvaldsnesKarmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, ga namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyene, og på Grønland.

Det er usemje om kor vidt Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Den tradisjonelle oppfatninga er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hertok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei onnor mektig ætt med sæte i Trøndelag, ladejarlane hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav (den Heilage) si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slått tilbake.

År 995 grunnla kong Olav Trygvason den første kyrkja på MosterBømlo, og byrja kristninga av landet. År 1024 sette kong Olav (seinare kalla Olav den Heilage) og bisp Grimkjell kristenrettenMostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i år 1030, der Olav den Heilage fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar vart den arvelege kongsmakta tryggja under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn i ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 fortsette kongsfellesskapet med Danmark ålene. Tida blir i Noreg kalla «400-årsnatta», av di Noreg var den svake parten i unionen og blei styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Norge vart tvungne til å alliere seg med Napoleon og dermed kom blant taparane i Napoleonskrigane, førde Kieler-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lyktest å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende også etter at ein kort krig med Sverige tvang Noreg inn i personalunion med Sverige.

Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førde til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfesta ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg (ei grein av huset Oldenburg).

Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreide mot ei kollektiv tryggjingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var blant landa som grunnla FN i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å bli med i EU, nemleg i 1972 (då: EEC) og i 1994 (då: EF). Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.

[endre] Politikk

Sjå Norske Styresmakter

Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv sitt råd, men etter riksrettsdommen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtall i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtrekkjande rettar, men desse blir ikkje praktisert i dag, og funksjonen hans er vorten først og fremst seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er samansett av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren føreslår.

Det norske parlamentet - Stortinget - har 169 medlemer, som er valte frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Lovforslag vart handsama i Odelstinget og Lagtinget. Påtale i riksrettssaker vert reist av Odelstinget og teke til doms av Lagtinget. Ut over dette blir Stortinget sine saker handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear (justiskomiteen, finanskomiteen, landbrukskomiteen, osb).

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente dommarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (tidlegare by- og herredsrettane) og forliksråda (handsamar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Dommarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane utnemnast av regjeringa. Den særskilte Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.

[endre] Geografi

[endre] Fylke

float

Noreg er oppdelt i 19 fylke og 431 kommunar:

  1. Østfold
  2. Akershus
  3. Oslo
  4. Hedmark
  5. Oppland
  6. Buskerud
  7. Vestfold
  8. Telemark
  9. Aust-Agder
  10. Vest-Agder
  11. Rogaland
  12. Hordaland
  13. (i nummerering av fylke blir talet 13 ikkje brukt, av di at dette var det gamle nummeret på Bergen fylke)
  14. Sogn og Fjordane
  15. Møre og Romsdal
  16. Sør-Trøndelag
  17. Nord-Trøndelag
  18. Nordland
  19. Troms
  20. Finnmark

[endre] Tettstader

Noreg har 909 tettstader. Dei med høgast innbyggjartal er (ifølgje SSB 2006):

Det totale tettstadsarealet for heile landet er 2 263 km2, med eit innbyggartal på 3 607 813. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

[endre] Topografi og klima

Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlinja på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyer og holmar. Noreg er òg kjent som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sommaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarende lang tid.

Heile lengda av Noreg følgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlinja; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påvirka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer ver og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordligste delen herskar meir arktiske forhold.

[endre] Sjå òg

[endre] Økonomi

Den norske økonomien er eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med ein kombinasjon av frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35% av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.

Sjølv om fleire undersøkingar[1] viser at nordmenn har den høgste livsstandarden i verda, er det stadig uro om kvar landet står når olje- og gassforsyningane tek slutt om eit par tiår. Ein stor del av inntektene frå det noverande oljesalet er difor plassert i statens petroleumsfond, som er investert i utlandet. Forvaltningskapitalen i fondet er over 800 milliardar kroner (2003).

[endre] Innbyggjarar

Folketalet i Noreg er 4,64 millionar og aukar med vel 0.7 % årleg (2005). Kjønnsfordelinga er 50,5 % kvinner og 49,5 % menn. Aldersfordelinga er 19,8 % frå 0 til 14 år, 65,4 % frå 15 til 64 år, og 14,8 % frå 65 år og oppover (estimat 2004, [2]).

3 560 137 menneske, eller 77,6 prosent av innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1. januar 2005). Av desse bur 1 345 000 i dei fire største byane. Det er 23 647 fleire som bur i tettstader i 2005 enn i 2004..

[endre] Folkegrupper

Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk / nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk / kvensk. Samar har status som urfolk, mens skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, tatrar), roma (sigøynarar) og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 8,3 % per 1.1.2006. Dei største innvandrargruppene er pakistanarar, svenskar, og irakarar ([3]).

[endre] Religion og livssyn

Kring 86 % av innbyggjarane er medlemmer i den evangelisk-lutherske statskyrkja (1.1.2003). Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4,5 % (Den evangelisk-lutherske frikyrkja, Den katolske kyrkja, pinsevenner, metodistar med fleire) Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knapt 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutnad. Per 1.1.2003 er rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte ([4]).


[endre] Utdanning

24 prosent av alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdanninguniversitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning (1. oktober 2004).

I 2004 var éin av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning (tal frå Statistisk sentralbyrå). Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.

Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handtverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

[endre] Språk

[endre] Norsk språk

Utdjupande artikkel: Norsk språk

Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle formene samnorsk, høgnorsk og riksmål. Samnorsk tek opp i seg former frå beggje hovudmålformene, men er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk ca. 1930-1980.

Majoriteten av det norske folket skriv anten bokmål eller riksmål; grensene mellom desse er i dag svært flytande. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1% i 1944 , men har i etterkrigstida gått jamnt tilbake og har idag falle til 10–15 %.

Nynorsk er eit alternativt skriftspråk som vart konstruert, systematisert og etterkvart etablert som skriftspråk på 1840-talet av Ivar Aasen, grunna på norske dialektar. Aasen kalla språket sitt landsmål; dette vart endra til nynorsk i 1929. Aasen freista å distansere dette språket frå det danskpåvirka språket som var i bruk på Austlandet og blant borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå det opphavlege landsmålet, i retning bokmålet, medan bokmålet har gått meir vekk frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, framfor alt bymåla.

Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk, som motset seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen som ofte vert assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk blir nytta av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet Målmannen som har til føremål å fremja høgnorsk.

Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og blir blant anna brukt av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet. Bokmålet blir truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslag. Riksmålet blir fremja av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Norsk Språkråd og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som mellom anna utgjev eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.

Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk til å bli det offisielle språket i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen først og fremst påverka av nedertysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til byrjinga av 1900-tallet var reint dansk, men har gjennom det følgjande århundret blitt tillempa noko i forhold til det danske, slik at ein kan snakke om eit eige norsk skriftspråk.

[endre] Samiske språk

Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk blir snakka i Noreg, nord-, sør- og lulesamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling, det blir snakka av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å taka i bruk dei to andre språka, som er brukt frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg med flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdøydde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.

[endre] Finsk og kvensk

finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen kom det på 1600-talet innvandrarar frå Savolaks i Finland. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med løfte om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det i fleire bølgjer innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg, dei vart kalla kvenar. Språket deira skilde seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt gdei siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.

[endre] Andre språk

I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite plattysk-språkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirken. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.

Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, mens romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som romani og rodi.

Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer først og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.

Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, farsi, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdu (med dei nærskylde språka hindi og panjabi) og vietnamesisk.

[endre] Kultur

Kjende nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på rein dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Jon Fosse, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.

[endre] Internasjonal pressefridom

[endre] Sjå òg

[endre] På verdsveven

Commons har multimedia som gjeld: Noreg


EU Den europeiske unionen (EU) og EØS-området:

Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn

Berre EØS:

Island | Liechtenstein | Noreg

Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu