Albert Pintat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Pintat Santolària, fødd 23. juni 1943, er ein andorransk politikar, og statsminister i Andorra, sidan 30. mai 2005. Han er medlem av det liberale partiet Partit Liberal d'Andorra (Andorras liberale parti).
Pintat gjekk ut frå universitetet i Fribourg i Sveits i 1967 med ein grad i økonomi. Han var utanriksminister i Andorra frå 1997 til 2001 etter å ha vore ambassadør fleire stader, mellom anna i SN. Han vart statsminister etter at partiet hans fekk 41,2 % av røystene og 14 av 28 mandat i nasjonalforsamlinga ved valet 24. april 2005.
Føregjengar: Marc Forné Molné |
Statsminister i Andorra (2005–)
|
Etterfylgjar: |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |