Andorra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Virtus Unita Fortior (latin, samla dygd er sterkare) | |||||
Offisielle språk | Katalansk | ||||
Hovudstad | Andorra la Vella | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt fyrstedøme Joan Enric Vives Sicília Jacques Chirac Albert Pintat |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
468 km² (197.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2004) - Tettleik |
70 549 (181.) 69 150 151/km² (49.) |
||||
Sjølvstende |
1278 | ||||
BNP - Totalt (2003) - Per innbyggjar |
1 900 000 000 USD (est.) (—.) 26 800 USD (—.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | El Gran Carlemany | ||||
Nasjonaldag | 8. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +376 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ad | ||||
Fyrstedømmet Andorra er eit lite land som ligg mellom Frankrike og Spania i den austlege delen av fjellkjeda Pyreneeane.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Andorra er den einaste gjenverande av mange små sjølvstendige rike fantest i Pyreneane i mellomalderen. I følge tradisjonen skal det ha blitt grunnlagd av Karl den store. Overherredømet blei delt likt mellom biskopane av Urgel og grevane av Foix i 1278; dei sistnemnde blei sidan òg kongar av Navarra og gjennom Henrik IV kongar av Frankrike. Vern frå to jamsterke konkurrenar var den eigentlege årsaken til at Andorra kunne halda på sjølvstendet.
Det første valet i landet, med avgrensa røysterett, blei halde i 1933. I 1993 fekk landet ein ny grunnlov som gav den reelle makta til eit folkevald generalråd som utnemner regjeringar. Dette året blei Andorra endeleg òg medlem av SN og Europarådet, og frå då av har dei to fyrstane, presidenten av Frankrike og biskopen av Urgel, bare hatt seremonielle oppgåver.
[endre] Innbyggjarar
Innfødde andorranarar er i mindretal i sitt eige land, og utgjer bare ein tredel av innbyggjarane. Spanjolar er den største folkegruppa i landet, og utgjer 43% av befolkninga. Portugisarar (11%) og franskmenn (7%) utgjer andre store minoritetar i landet.
Katalansk er det offisielle språket i landet, og kulturen har mange trekk til felles med den omkringliggjande katalanske. Den største religionen er katolisisme.
[endre] Geografi
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Andorransk geografi.
Med ei flatevidd på 468 km² er landet eitt av verdas minste. Mesteparten av Andorra er kupert fjellterreng, og landet har ei gjennomsnittshøgd over havet på 1 996 meter. Tre smale dalar går saman til Valiraelva, som er det lågaste punktet i Andorra med 870 meter over havet. Elva går vidare inn i Spania.
Landet har eit temperert klima, men noko lågare temperaturar enn grannelanda på grunn av høgda, så det kjem gjerne snø om vinteren. Sommaren er derimot tørr og varm.