Altocumulus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Høgd | 2000–5500 | ||
Utsjånad | Kuleforma skydottar | ||
Nedbørsky? | Nei | ||
Forkorting | Ac |
Altocumulus eller rukleskyer er ein skytype bygd opp av lag eller flak av kuleforma skydottar eller rullar. Kvart enkelt element er større og mørkare enn elementa i cirrocumulus, men mindre enn dei i stratocumulus.
Skyene høyrer til klassen midlare skyer, og blir danna mellom 2000 og 5500 meter høgde. Ofte ser ein skyene framfor ein kaldfront, og i enkelte område kan dei på varme og fuktige sommarmorgonar være eit teikn på at det kan utviklast toreskyer seinare på dagen.
Skyene består for det meste av underkjølte vassdropar, men i svært lave temperaturar kan dei også innehalde iskrystallar. På same måte som med altostratus blir desse skyene danna ved heving av store luftmassar, etterfølgd av kondensasjon. Skilnaden er at altocumulus blir påverka av instabilitet i den omliggande atmosfæren, og den stigande lufta dannar dei små cumulusaktige skydottane. Viss skyene er tjukke nok kan dei av og til føre til litt regn, og det er som oftast óg eit teikn på at ein front er like om hjørnet, særleg viss skydekket har blitt tjukkare i løpet av dagen.
Ofte kan ein ha både altocumulus og altostratus samtidig på himmelen og dei kan dekke svære områder, særlig i samband med frontar.
Det finst fleire variantar av altocumulusskyer:
[endre] Bakgrunnsstoff
- Bilete av altocumulus på geographyinaction.co.uk
- Fleire bilete på atmos.uiuc.edu
Skyer | |
---|---|
Høge skyer;(Type A): | Cirrus (Ci) • Cirrus uncinus • Cirrus Kelvin-Helmholtz • Cirrostratus (Cs) • Cirrocumulus (Cc) • Pileus • Kondensstriper |
Midlare skyer (Type B): | Altostratus (As) • Altostratus undulatus • Altocumulus (Ac) • Altocumulus undulatus • Altocumulus makrellsky • Altocumulus castellanus • Altocumulus lenticularis |
Lave skyer (Type C): | Stratus (St) • Orografisk stratus • Nimbostratus (Ns) • Cumulus humilis (Cu) • Cumulus mediocris (Cu) • Stratocumulus (Sc) |
Konvektive skyer (Type D): | Cumulonimbus (Cb) • Cumulonimbus incus • Cumulonimbus calvus • Cumulonimbus med mammatus • Cumulus congestus • Pyrocumulus |