Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cirrus Kelvin-Helmholtz
|
KH instabilitet synleg i skyer over Mount Duval i Australia |
|
Høgd |
Over 7000 m |
Utsjånad |
Brytande bølgjer |
Nedbørsky? |
Nei |
Forkorting |
Ci |
Cirrus Kelvin-Helmholtz er ei type cirrussky som oppstår i store høgder som smale, horisontale spiralforma skyer. Dei varer vanlegvis ikkje lenger enn eit par minutt og er derfor kanskje den skytypen som er vanskelegast å få auge på.
Skyene oppstår i samband med eit vindskjer i luftlaga rundt cirrusskyene. Det vil sei at to luftlag enten flyttar seg i forskjellig retning og/eller med forskjellig fart. Dette fører til vertikale bølgjer på grenseflata mellom desse to luftlaga. Som oftast vil det bli danna skyer på bølgjetoppane i samband med slike vindskjer, men for Cirrus Kelvin-Helmholtz er bølgjerørsla kraftigare og bølgjene bryt på same måte som havbølgjer bryt på ei strand. Kelvin-Helmholtz bølgjer er sannsynligvis ganske vanlig på toppen av troposfæren, men lufta er som regel så pass tørr at det ikkje eksisterar skyer som synleggjer bølgjene. I slike tilfeller vil det oppstå klarluftsturbulens, som er umogeleg for fly å oppdaga på førehand sidan den ikkje er synleg på radar.