Arne Garborg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (25. januar 1851–14. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.
Arne Garborg er ein forfattar som ikkje blir forelda. Romanane hans er djuptloddande og gripande, essaya hans er klåre og skarpsynte, og han slår seg aldri til ro i ein posisjon. Emna han arbeidde med er vi framleis ikkje ferdige med: religionen i moderne tid, høvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk faktisk kan få politisk påverknad og makt.
Innhaldsliste |
[endre] Livssoge
Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med 8 sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Særleg etter faren si meining burde Garborg vore heime og etter kvart teke over garden. Faren kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870.
I 1887 vart Garborg gift med forfattarinna Hulda Garborg. Dei budde frå 1897 på Labråten i Asker. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio. I 1872 grunnla han avisa Tvedestrandsposten. I 1877 starta Garborg avisa Fedraheimen. Fram til 1892 redigerte han avisa. I 1894 grunnla han saman med Rasmus Steinsvik avisa Den 17de Mai. Avisa skifta i 1935 namn til Norsk Tidend. I 1899 la han fram midlandsnormalen i lag med Rasmus Flo; Garborg nytta denne rettskrivinga sidan, og hans Skriftir i samling kom ut med alle verka omskrivne etter den.
[endre] Verkliste
[endre] Romanar
- Ein Fritenkjar (1878)
- Bondestudentar (1883)
- Mannfolk (1886)
- Hjaa ho Mor (1990)
- Trætte Mænd (1891)
- Fred (1892)
- Den burtkomme Faderen (1899)
[endre] Diktsamlingar
[endre] Skodespel
[endre] Andre verk
- Forteljingar og Sogar (1884)
- Knudahei-brev (1904)
- Jesus Messias (1906)
- Kolbotnbrev (1890)
- Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
- Dagbok 1905-1923 (1925–1927)
- Tankar og utsyn (1950)
- Odyssevskvædet umsetjing, Kristianina (1918)
- Han Lars i Lia
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sitat av Arne Garborg
- Obrestad, Tor: Arne Garborg: ein biografi, Oslo 2001.
- Skriftir i Samling og andre verk i digitalisert utgåve
- Fedraheimstua ved Tynset Bygdemuseum
- Kunstnarar i Akershus: Arne Garborg
- Garborgnett, ein nettstad utvikla i samband med Garborgåret 2001