Aurland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1421 |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Administrasjonssenter: | Aurland |
Flatevidd: | 1489 km² |
Folketal: | 1733 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.aurland.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Olav Ellingsen (Sp) 2003-2007 |
Aurland er ein kommune i Sogn i Sogn og Fjordane. Kommunen grensar i vest mot Vik kommune, i nord mot Lærdal kommune, i aust mot Buskerud og i sør mot Hordaland.
Kommunesenteret heiter Aurlandsvangen. Andre tettstader er Flåm, Gudvangen, Undredal og Vassbygdi. Kommunen femner om eit svært berglendt landskap der omlag 80 % av arealet ligg over 900 m.o.h. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 m.o.h.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Gravfunn frå vikingtida. Folketalet i Aurland var på sitt meste i 1845, omlag 2 800, og har sidan falle jamnt, først grunna utvandringa til Amerika, seinare som fylgje av den allmenne samfunnsutviklinga.
[endre] Næringsvegar
Jordbruk og handel er dei tradisjonelle næringane, men i nyare tid har her vore skoproduksjon (Aurlandsskoen), kraftproduksjon og turisme.
Turismen knyter seg til den vakre og varierte naturen med fjord og fjell: Aurlandsdalen, Flåmsdalen med Flåmsbana og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Ein annan attraksjon er Lærdalstunnelen, som er verdas lengste vegtunnel, og fjellvegen til Lærdal («Snøvegen») med utsiktspunktet Stegasteinen.
[endre] Anna
Stamvegen Oslo-Bergen går gjennom Aurland.
Kommunen har fire barneskular, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule med landsline innan økologisk landbruk (Sogn Jord- og Hagebruksskule).
[endre] Verd å vitja
- Vangen kyrkje er ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen.
- Flåmsbana
- Undredal stavkyrkje, den minste stavkyrkja i landet, frå 1100-talet
- Snøvegen, ein fjellovergang mellom Aurland og Lærdal, open om sommaren.
- Aurlandsdalen
- Nærøyfjorden
- Galleri Vinjum
[endre] Litteratur
- Ohnstad, Anders: Aurland Bygdebok I, II og III.
- Ohnstad, Anders: Gardssoga for Aurland I, II og III.
- Indrelid, Svein: Soga om Flåm.
- Vinjum, Erlend: Aurland. Stadnamn og kulturhistorie.
- Thyri, Hans H.: Aurlandsvegen.
[endre] Eksterne lenkjer
- Undredal stavkyrkje
- Aurland.com
- Sogn Jord- og Hagebruksskule, Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
|
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |