Kommunenummer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunenummer er eit nummer som er gjeve til kvar kommune i Noreg. I 1946 vart alle kommunar, i tillegg til ladestadar som ikkje var eigne kommunar, tildelt ei firesifra nummerkode av Statistisk Sentralbyrå. Dei to fyrste tala viser kva fylke kommunen ligg i. Bykommunar (og byar før 1965) fekk kommunenummer med tredje siffer lik null.
[endre] På verdsveven
- Kommunenøkkelen (komplett alfabetisk kommuneliste med kommunenummer)
- Statistisk Sentralbyrå si side for fakta om kommunar, med liste over kommunenummer
- Statistisk Sentralbyrå sin kommunekatalog med komplett liste på ei side