Aust-Tyskland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg artikkelen om den austtyske staten Deutsche Demokratische Republik (DDR)
Aust-Tyskland er det geografiske området som, frå 7. oktober 1949 til 3. oktober 1990 låg under den kommunistiske statsdanninga DDR (Den tyske demokratiske republikken - "Deutsche Demokratische Republik").
I dag er det framleis eit stort økonomisk skille mellom Aust- og Vest-Tyskland; mellom anna er arbeidsløysa i aust langt høgare enn i vest. Denne, og mange fleire faktorar er med på å oppretthalde nemningane aust- og vest-Tyskland.
I forbundsdagsvalet 2005 vart det lagt stor vekt på at den eine av dei to klåraste kanslar-kandidatane, Gerhard Schröder, kom frå vest-Tyskland, medan den andre, Angela Merkel, kom frå aust-Tyskland.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |