Kommunisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommunisme i moderne forstand blei skapt av Vladimir Lenin. Sjølv om også Karl Marx (og andre) brukte begrepet, er det med Lenin og russisk bolsjevisme den moderne kommunismen finn si form. Dei russiske bolsjevikane kalla seg kommunistar frå 1918, og frå 1919 da den kommunistiske Tredje Internasjonalen blei danna, har kommunismen eksistert som politisk retning internasjonalt. (Den Tredje Internasjonalen blei elles oppløyst i 1943).
Kommunistane understreka opphavleg, i motsetning til andre sosialistar/sosialdemokratar, at eit sosialistisk samfunn berre kunne oppnåast gjennom ein valdeleg revolusjon og oppretting av det såkalla proletariatets diktatur.
I praksis blei dette diktaturet i alle land der kommunistane tok makta ein eittpartistat der den reelle makta låg/ligg hjå leiinga i kommunistpartiet. Under leiarar som Josef Stalin i Sovjetunionen og Mao Zedong i Kina blei diktaturet i stor grad eit personleg herredømme. Stalinisme og maoisme har historisk vist seg å vere ein anti-demokratisk faktor i mange land, sjølv om somme hevdar det finst døme på det motsette.
Lev Trotskij si retning, også kalla trotskisme, og den såkalla eurokommunismen eller reformkommunismen som har utvikla seg i ein del vestlege kommunistparti etter Stalins død, kan i praksis seiast å vere ei venstresosialdemokratisk eller venstresosialistisk retning.
Kommunisme er idag ei nemning som blir brukt av svært ulike parti, frå det ekstremt autoritære eittpartiregimet i Nord-Korea til det demokratiske kommunistpartiet Partito della Rifondazione Comunista (PRC) i Italia.
Dei fleste kommunistiske regima har idag anten falle, som i Russland, eller er heilt endra i innhald, som i Kina.