Avisa Møre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møre er ei avis som vert utgjeven i Volda på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Avisa er rekna som den fyrste lokalavisa som vart starta i Noreg. Fyrste redaktør var Sivert Aarflot (1759–1817), som starta avisa på Ekset i Volda i 1810. Avisa fekk frå starten namnet Norsk Landboeblad. Andre namn på avisa har vore Landboe-Avisen, Postbudet, Møringen og Ugebladet. Familien Aarflot sit framleis i leiinga av avisa. Avisa Møre blir utgjeven av Aarflots prenteverk AS. Trykkeriet vart grunnlagt av Sivert Aarflot i 1809. Tore Aarflot er pr. 2005 redaktør og Harald Aarflot er disponent.
Avisa Møre vert redigert på nynorsk.
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |