Avlyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avlyd er eit omgrep for ein ikkjesegmental morfologisk prosess, karakteristisk for sterke verb i indoeuropeiske språk og generelt for morfologien i afroasiatiske språk. Avlyd i norsk går tilbake til ur-indoeuropeisk og var den måten verb vart bøygde i tempus på. Verba var inndelte i ulike grupper, og kvar gruppe hadde eit sett av vokalar som viste kva bøyingsform verbet stod i. Dette systemet har vi i dag òg, men berre for ein del av verba, dei sterke verba.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |