Verb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verb, eller gjerningsord, kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt o.a. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne).
Innhaldsliste |
[endre] Valens
Valensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:
[endre] Univalente verb
Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:
- Ho spring (vi seier ikkje «ho spring hunden» eller «ho spring hunden trim»)
- Dei datt (vi seier ikkje «dei datt ordføraren» eller «dei datt grannen ei bok»)
[endre] Bivalente verb
Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):
- Han et fisk (vi kan ikkje seie «han et fisken mat»)
- Vi ser kaninane (vi kan ikkje seie «vi ser kaninane ei gulrot»)
- Ho hjelpte studentane (vi kan ikkje seie »ho hjelpte studentane leksene»)
[endre] Trivalente verb
Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:
- Dei gav kyrne høy
[endre] Andre typar valens
På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:
- llueve (spansk) ‘det regnar’.
[endre] Verbbøying
Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbormer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.
[endre] Finitte verbformer
[endre] Modus
Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegnet. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.
[endre] Tid (tempus)
[endre] Aspekt
[endre] Infinitte verbformer
Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp.