Bío-Bío-elva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bío-Bío-elva (òg skriven Biobío og Bio Bio) er den nest største elva i Chile. Ho har kjelder i innsjøane Icalma og Gualletué i Region IX Araucania i Andes og flyt ca. 380 kilometer mot nordvest gjennom Region VIII Biobío før ho endar i Stillehavet ved Concepción. Frå midten av 1500-talet til 1880-talet var Bío-Bío grenselva mellom det spanskstyrte Chile og det sjølvstyrte mapucheterritoriet. Territoriet sør om elva vart ikkje tatt inn i Chile før etter felttoget mot mapuche, kalla pasifiseringa av Araucania.
Tidleg på 1980-talet vart elva kjent på nytt som ei av verdas beste elver for rafting med høve til turar som varer i sju dagar gjennom nokre av dei chilenske villmarksområda. Delar av dette gjekk tapt med den kontroversielle konstruksjonen av Pangue-dammen som også førte til tvangsflytting av urfolket i området, picunche.
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |