Brukardiskusjon:Beachman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Velkommen
Hei-hei Beachman, velkommen til Wikipedia! Spør gjerne om det er noko du lurer på. -- Ranveig 24. apr 2005 kl. 2250 (UTC)
1. Ja, kvifor er det ikkje lenke fra Bokmål til Nynorsk. f.eks. 2. Og om ein skal bruke same mal som under bokmål og engelsk? Beachman
Hei Strandamann og velkommen! Bjarte 25. apr 2005 kl. 0226 (UTC)
- 1. Ja, kvifor er det ikkje lenke fra Bokmål til Nynorsk.
-
- Kvar? Det finst mange lenkjer frå bokmål til nynorsk. Dersom dei ikkje finst på ein særskilt artikkel kan du leggja denne til ved å gå inn på rediger, gå til botnen av sida og så leggje til [[nn:Namn på artikkel]].
-
-
- Frå brukarhistoria di går eg ut i frå at du tenkte på no:Stranda som ein stad det manglar lenkje til nynorsk. Dette er fordi bokmålsartikkelen vart laga før den på nynorsk, og at ingen har gått og lagt inn lenkjer til alle desse nye artiklane. Eg let no:Stranda stå utan lenkje til nynorsk, så har du ei lita oppgåve og freista deg på! :) Bjarte 25. apr 2005 kl. 0229 (UTC)
-
Dette var vanskeleg. Det eg vil gjere er å lage ei lenke under "Andre Språk" og der finn eg ikkje ut korleis ein redigerer.
- Viss du skriv [[nn:Stranda]] nedst på artikkelen på bokmål (no:Stranda), så kjem den nye lenkja til nynorsk opp automatisk. Bjarte 25. apr 2005 kl. 0424 (UTC)
- 2. Og om ein skal bruke same mal som under bokmål og engelsk?
-
- Kvar? :P Jo me har mange malar som liknar på dei som er på bokmål og engelsk, men til sjuande og sist vert det opp til oss å bestemma kva malar me skal nytta rundt om kring. Eg trur faktisk engelsk og bokmål kunne ha nytte av å nytta nokre av våre malar av og til :) Bjarte 25. apr 2005 kl. 0226 (UTC)
Som i:
Forfattar Are Kalvø
Eller:
Are Kalvø, forfattar
Evt.
Are Kalvø, født. 31. desember 1969, forfattar.
- Aha. Nei, det er ikkje så frykteleg viktig at er likt, men det er jo kjekt at me er konsekvente innan den same wikipediaen. Ta ein titt rundt på til dømes Skjåk, Herøy i Møre og Romsdal og Jølster og sjå kva dei har gjort der.
-
- Eg trur ikkje det gjer så mykje om ikkje alt i ein wikipedia er heilt likt - kor mange detaljar det er lurt å ta med om ein person kan til dømes avhenga av kvar ein skriv om han. Men å gjera det same i same artikkel er bra. (Som du ser får du raskare svar på sjølve wikipedia enn e-post, Beachman, for her er det mest alltid nokon). -- Ranveig 25. apr 2005 kl. 1843 (UTC)
- Forresten, eit lite tips. Du kan lett signera alle innlegga dine på diskusjonssidene ved å skrive ~~~~, eller enkelt og greit ved å trykke på signaturknappen ovanfor redigeringsvinduet (nest siste til høgre). --Bjarte 25. apr 2005 kl. 0424 (UTC)
- Velkommen frå meg òg! :-) Olve 29. apr 2005 kl. 2153 (UTC)
På enkelte wikidpedar er det referert til no:norsk, mens artikkelen er på nynorsk. Eg har ikkje skjøna korleis eg skal rette opp dette. Skal eg henvende meg til bokmål-wikipedia? --Beachman 2. mai 2005 kl. 0047 (UTC)
- Velkomen frå meg òg! Eg tek ofte meg sjølv i å maule Grandis medan eg les Are Kalvø-bøker, so det er flott å få inn litt kjennskap til kulturen som ligg til grunn for vanene mine :-)
- Du kan endre referansar frå no:norsk til nb:norsk (bokmål) i alle wikipediar, uansett om du har brukarnamn der eller ikkje (no:norsk og nb:norsk er den same wikipediaen). Om du tenkjer på artiklar som t.d. nb:Jølster, so er grunnen til at den artikkelen er på nynorsk at bokmålswikipediaen tidlegare var open for alle målformer, og dei har ikkje fått rydda i målrotet endå. Eg er ikkje sikker på om eg svarte på spørsmålet ditt no..? kurtber 2. mai 2005 kl. 0206 (UTC)
-
- Eg trur ikkje me skal bruka interwiki-koden [[nb:]] andre stader enn her, det er eit val me har meir eller mindre teke lokalt. Dessutan trur eg ikkje det vert nødvendig lenger frå midten av mai, ettersom det ser ut til at avstemminga på no heller i retning av ei forandring av namnet til "Norsk (bokmål)" uansett. Bjarte 2. mai 2005 kl. 0833 (UTC)
P.S. Problemet er første del av artikkelen, den delen som står først. Eg skjønar ikkje korleis den kan redigerast. --Beachman 2. mai 2005 kl. 0133 (UTC)
- Den første delen av artikkelen? Heile artikkelen skal vere tilgjengeleg for redigering. Kan du gje eit døme på kvar det her problemet har oppstått? kurtber 2. mai 2005 kl. 0206 (UTC)
Artikkelen Geiranger på bokmål wikipedia er skrive på nynorsk. Det er og artikkelen under Sykkylven http://no.wikipedia.org/wiki/Sykkylven/. men det er ikkje råd å redigere om starten av desse artiklane. --Beachman 2. mai 2005 kl. 0217 (UTC)
- Har du forsøkt å trykke på Redigér-knappen heilt øvst på sida? (Der det står Artikkel | Diskusjon | Redigér | Historikk | Flytt | Overvåk) Då skal du få opp heile artikkelen til redigering. kurtber 2. mai 2005 kl. 0243 (UTC)
No skjøna eg det. Det var ganske opplagd. Takk for hjelpa. --Beachman 2. mai 2005 kl. 0310 (UTC)
- Ingen årsak! Eg lev for å tene :) kurtber 2. mai 2005 kl. 0321 (UTC)
Eit anna problem er at Selje kommune http://no.wikipedia.org/wiki/Selje har ein link til Norsk (nynorsk) som går til treslaget selje på http://nn.wikipedia.org/wiki/Selje . Korleis løyser eg det? --Beachman 2. mai 2005 kl. 0327 (UTC)
- Olve har reparert lenkja på no: til Selje i Nordfjord ved å redigere sida på no: og endre nn:Selje til nn:Selje i Nordfjord. Du kan sjekke nærare ved å gå til historikken til den sida og klikke på den lenkja som heiter "forrige" ("førre" på nynorsk) og du vil få opp endringane og kan bla deg bakover gjennom alle endringane som har vore gjort. -- Larsivi 2. mai 2005 kl. 0825 (UTC)
[endre] Årstal og formatering
I artikkelen Ålesund la du nettopp til [[1900 - 1965]]. Dette er feil av eit par grunnar:
- Vi legg kvart årstal inn som eiga lenkje: [[1900]] - [[1965]]
- Det er ikkje rett å ha mellomrom ved frå–til-strek mellom årstal. Vi skriv derfor heller [[1900]]-[[1965]] (Om det er dato der òg, så er det litt meir komplisert...)
- Om du vil vera ekstra flink med formateringa, så kan du òg bruke rett frå–til-strek: [[1900]]–[[1965]] (resultatet blir slik: 1900–1965). Om du ikkje gjer dette, så lyt andre gjera dette seinare. Men dette er mindre viktig enn punkt éin og to.
Tenkte berre eg burde nemne dette. Elles er det no fint å sjå at du står på og bidreg mykje til Nynorsk Wikipedia! :-) Olve 2. mai 2005 kl. 0426 (UTC)
[endre] Namn og formatering
Skal ein skrive:
Are Kalvø, forfattar fødd 1969.
Eller:
Forfattar Are Kalvø, fødd 1969
I sistnevnde tilfelle har eg mykje å rette opp. --Beachman 3. mai 2005 kl. 2257 (UTC)
- Skriv namnet først! Det er det som er viktigast. Stå på, det er viktig å få inn mange personar og å få dei på rett plass. -- Ranveig 3. mai 2005 kl. 2321 (UTC)
P.S. Eg har ei heil bok med 100 namn som eg brukar som rettesnor for oppføring av kjende personar, så det er viktig å gjere alt rett. --Beachman 3. mai 2005 kl. 2308 (UTC)
- Fint du er så aktiv! Eg er no einig med Ranveig når det gjeld lister med folk på kommunesider: Namn først, så år og deretter kva personen er kjend for. Eksempel:
- Kaare Fostervoll (1891–1981), gymnasrektor, arbeiderpolitikar og første kringkastingssjef.
- Lillebjørn Nilsen (1950– ), norsk visesongar.
- Are Kalvø (1969– ), forfattar
- Eg har lese anna meir eller mindre informativt om dette, og biografiske artiklar bør ha ein slags standard. Andre har vorte kritiserte for å ikkje skrive heilsetningar, og då blir:
- ... ikkje ei god løysing. "Are Kalvø er ein norsk forfattar..." etc... blir då ei betre løysing. Formatering av fødd-død er ei anna bekymring, dette er rimeleg inkonsekvent gjort på nn.wikipedia... --Bep 19. aug. 2005 kl. 21:50 (UTC)
- (Eg trur elles at det er lurt å sortere listene på kommunesidene etter fødselsår — men dette er ikkje noko som har vore diskutert så vidt eg kjem i hug, så det kan hende det kjem ei anna avgjersle på det punktet om stemninga viser seg slik.)
-
- Nja... Det er no stor skilnad på lister som underbolkar av kommuneartiklar og artiklane om kvar person. -- Olve 19. august 2005 kl. 23:20 (UTC)
- Eg har sortert etter fødselsår der eg kjenner til det. Yngst først og deretter eldre. Eg synes det er viktig ha ha med slik informasjon for å sette historien i perspektiv. --Beachman 4. mai 2005 kl. 0524 (UTC)
- Når det gjeld dato- og årssidene er derimot dateringa viktigare. På datosider set vi dermed året først, namnet som nummer to og aktiviteten som nummer tre:
- 1666 - Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen.
- 1950 - Lillebjørn Nilsem, norsk visesongar
- 1969 - Are Kalvø, norsk forfattar
- og på årssider set vi datoen først osv.:
- 21. desember - Lillebjørn Nilsem, norsk visesongar
- 22. desember - Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen.
- Dette er kanskje litt mykje å halde styr på slik med éin gong, men det er no eit rimeleg greitt system så snart du blir vant til det... :-) Olve 4. mai 2005 kl. 0309 (UTC)
Det ser rimeleg greit ut, men kva er forskjellen på desse:
Eg ser det er retta opp etter båe... litt forvirra. --Beachman 4. mai 2005 kl. 0524 (UTC)
Og ikkje minst skal ein sette lenker til f.eks. forfattar på kommunesidene under kjende personar?
Til dømes:
--Beachman 4. mai 2005 kl. 0553 (UTC)
-
- Der er det òg fritt fram for å bruke skjønn. Det er kanskje mest interessant å laga lenkjer på det som skil seg litt ut, og det er best om ikkje all teksten blir fylt opp med lenkjer. Men her er det altså berre å avgjera sjølv kva du synest ser rettast ut. :-) Olve 4. mai 2005 kl. 0620 (UTC)
[endre] Herøy kommune i Møre og Romsdal
1. Det er ikkje link frå no wikipedia til nn wikipedia på Herøy kommune. Eg har forsøkt å sette opp ein slik link, men den lenkjer då til landskapet Herøy. Undrar på kva eg gjer gale?
2. Eg har og stroke Bjarne Rabben frå kjende personar i Ålesund der han er fødd og førd han opp under Herøy, fordi han voks opp og er busett der. Eg håper eg har gått rett fram, men lurer på om eg heller skulle nytta funksjonen *flytt* istaden? --Beachman 6. mai 2005 kl. 0259 (UTC)
- Svar på 1: Generelt: Når du skal lenke til en artikkel på nn.wiki frå andre språk må du skrive [[nn:Artikkelnamn]]. Når du prøvde å lenke til Herøy i Møre og Romsdal på nn.wiki frå nb.wiki skreiv du [[nn:Herøy (Møre og Romsdal)]], noe som da peikar til ein artikkel som ikkje finst her på nn.wiki. Det du skulle ha skrivi var [[nn:Herøy i Møre og Romsdal]].
OK. Den var lenka med på tysk med parantes slik: de:Herøy (Møre og Romsdal) . -Eg har prøvd utan parantes på tysk, men då kjem ein ikkje fram; Det merkelege er at det går bra andre vegen _frå_ tysk. --Beachman 6. mai 2005 kl. 0335 (UTC)
-
-
- Det er viktig å hugse på at kvar einaste Wikipedia har sine heilt eigne artikkelnamn. Tysk Wikipedia har artikkelen «de:Herøy (Møre og Romsdal)». Det har ikkje vi. Vi har derimot artikkelen «Herøy i Møre og Romsdal». Dét har ikkje Tysk Wikipeidia. :) Olve 6. mai 2005 kl. 0341 (UTC)
-
- Svar på 2: Flyttefunksjonen brukast til å bytte namn på heile artikkelen! Funksjonen «flytt» burde kanskje hatt namnet «gi nytt namn». Så det du gjorde var heilt korrekt, tekst som er overflødig eller står under feil artikkel må klippast ut av den originale artikkelen og limast inn i den rette artikkelen. --KRISTAGAα-ω 6. mai 2005 kl. 0318 (UTC)
-
- Det er elles ikkje noko i vegen for å liste opp same personen fleire stader der dette er relevant — slik som Bjarne Rabben under både Ålesund og Herøy eller Arnulf Øverland under både Kristiansund og Bergen. I mange fall er dette faktisk rettare enn å føre folk opp berre éin stad...
- -- Olve 6. mai 2005 kl. 0336 (UTC)
- Om Bjarne Rabben; Han er faktisk død, men kjem ikkje i hug akkurat når det var og klarer heller ikkje å finne dato/årstal på nettet i farta, men kanskje du veit det? -- Larsivi 6. mai 2005 kl. 0624 (UTC)
Nei, desverre. Boka eg brukar som kjelde er utgjeve i år 2000. Den er basert på ein serie med artiklar i Sunnmørsposten på denne tida, så det er desverre mange som er døde etter utgjevinga; og eg har ikkje dato på nokon av desse medmindre det står der. Eg bur ikkje lengre på Nordvestlandet og då har eg ikkje Sunnmørsposten å sjå etter. -Det ville vore fint med innspel frå andre som kjenner til dette. --Beachman 6. mai 2005 kl. 0854 (UTC)
[endre] Eksterne lenkjer skal ikkje stå i vegen for interne lenkjer!
Ser at du har laga eksterne lenkjer under kjende personar-bolken for Sykkylven. Eksterne lenkjer høyrer heime under «Eksterne lenkjer». Dette høyrest kanskje litt firkanta og kjedeleg ut, men det er faktisk viktig: Dei kjende personane fortener kvar sin artikkel. Med å leggje ekstern lenkje på namna deira oppnår du to ting:
- Du sender folk bort frå Wikipedia på ein stad der ein ventar å komma til ein wikipediaartikkel om personen det gjeld.
- Den raude lenkja som folk skal kunna sjå er tom og klikke på for å skrive ein ny artikkel finst ikkje lenger.
Oppgåva vår er først og fremst å skrive leksikon. Beklagar om eg høyrest litt amper ut — du gjer mykje fint og viktig arbeid her, men dette er altså ei viktig sak som har med både korleis vi profilerer oss og med korleis vi best muleg kan sørgje for at leksikonet vårt får alle artiklane det skal ha... -- Olve 8. jun 2005 kl. 2120 (UTC)
Eg beklagar. Det skal ikkje skje igjen. --Beachman 19. august 2005 kl. 21:29 (UTC)
[endre] Bot til endringar/tillegg
Eg ser at mange(nokre) norske kommunar har blitt omtala på polsk, men manglar linkar frå nynorsk. Er det mogleg å bruke ein bot for a legge inn lenkjer? --Beachman
- Det er mogleg, men nokon må styra/driva han, og me har ingen lokale som er aktiv med bot. Brukar:Fagerbott kan kanskje gjera det. --Guttorm 14. sep. 2005 kl. 18:36 (UTC)
P.S. kvar har det blitt av den redigeringssaka der ein finn teikn for formatering?
- Dersom du tenkjer på knappelina, så trur eg ein kan velje om ein vil sjå den ein stad i spesial:preferences. --Guttorm 14. sep. 2005 kl. 18:36 (UTC)
Finn ikkje noko val i preferences som passar --Beachman
- Kva med «Vis endringsknappar (JavaScript)» under «Endring»? --Guttorm 14. sep. 2005 kl. 20:07 (UTC)
Dette er rart. For det kjem ikkje opp nokon boks opp med redigeringsverktøy lengre. --Beachman