Selje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg kommunen Selje i Nordfjord.
Selje (latin Salix caprea) er namnet på eit treslag av pilslekta i vierfamilien. Seljer skil seg ut frå dei fleste andre pilslaga ved at blada er breiare enn dei utprega langsmale pilblada.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
[endre] Vekstform
Seljer veks oftast i buskform med fleire stammar som blir kring 2–3 meter høge. Ved einstammig form i godt lys kan selja vakse til tre på 6–14 meters høgd — og unntaksvis opp til 20 m.
[endre] Blad
Seljeblada er 5-12 cm lange, og grøne på oversida, men gråkvite på undersida. Her er dei kledde med filtaktige hår som truleg har som oppgåve å verna blada mot væsketap.
[endre] Blomster
Selja blomstrar tidleg og på bar kvist. Knoppane er verna av eit brunt, blankt skal, medan blomeorgana er verna av grå dun eller pels som gjev dei ein særprega utsjånad. Dei mjuke, avrunda blomane blir gjerne kalla gåsungar.
[endre] Bruk
[endre] Dyrefôr
Lauv og greiner av selje blir tradisjonelt bruka til husdyrfôr i norsk landbruk — særleg for sauer og geiter.
[endre] Seljefløyte
Når selja er særleg sevjerik kring slutten av mai og utover juni, har det vore vanleg å laga seljefløyter. Desse lagar ein ved å kappe seg eit fingertjukt emne av rett ved utan kvist. Ein kakkar på barken med knivskaftet til barken løysnar frå veden og ein kan vri barken forsiktig laus frå greina utan at han sprekk eller rivnar. Ein følgjer så ein av fleire metodar som alle har til felles at ein brukar ein del av ved-delen av emnet til å laga ein blokk med ein spalte i og eit vinkla dobbeltsnitt i barken slik at fløyta kan blåsast på som ei blokkfløyte. Korte seljefløyter kan vera korte piper med éin tone, dei kan vera stempelpiper med glissandotonar. Dei mest brukande instrumenta er fløyter som er lange nok til at ein kan få fram fleire overtonar på dei ved overblåsing.
[endre] Høgtidsbruk
[endre] Palmesøndag
Det er vanleg å taka inn seljegreiner med gåsungar (lodne blomar) på til palmesøndag i mange norske familiar. Nokre stader blir den blomande selja endatil kalla palme i denne samanhengen.
[endre] Sjå òg
- Gråselje
[endre] Lenkjer ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |