Belize
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Latin: Sub Umbra Floreo | |||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Belmopan | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Elizabeth II Sir Colville Young Said Musa |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
22 966 km² (151.) 0,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2001) - Tettleik |
279 457 (169.) 240 204¹ 12/km² (171.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
21. september 1981 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2,046 mrd. USD (163.) 7 635 USD (80.) |
||||
Valuta | Belizisk dollar | ||||
Tidssone | UTC -2 | ||||
Nasjonalsong | Land of the Free | ||||
Nasjonaldag | 21. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +501 | ||||
Nasjonale toppdomene | .bz | ||||
¹statoids.com |
Belize er eit lite land i Mellom-Amerika ved det karibiske havet. Belize Grensar til Mexico i nordvest og Guatemala i vest og sør. Honduras ligge på andre sida av Hondurasbukta 75 km unna. Belize var tidlegare kjend som Britisk Honduras. Navnet Belize kjem frå Belize by som er den største byen i landet og tidlegare hovudstad og Belizeelva.
[endre] Klima
Belize har eit varmt og fuktig klima året rundt. Tørketida er kortare enn dei andre områda av Mellom-Amerika. Om sommaren og hausten kjem det regn om lag annakvar dag, og om vinteren kan ein front og to kome sørover i Mexicogolfen og gje fuktigare og kjølegare vêr ein dag og to. Regnet om sommaren kjem og forsvinn raskt, men det er ofte ein del skyer. Ein canicula gjev ein periode med opphaldsvêr i juli og august. Heile landet er lummert, men mest lummert er det i indre strøk. Regnmengdene aukar jo lenger sør ein kjem, og varierar frå 1000 mm lengst nord til over 4000 mm i fjellsidene av Mayafjella som vender mot sjøen. Størst sjans for sol har ein frå februar til tidleg i mai, medan den største faren for orkanar er frå august og ut oktober.
Mellom-Amerika og Karibia |
---|
Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |