Bengalsk nyttår
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengalsk nyttår markerer byrjinga av den bengalske kalenderen og blir feira i Bangladesh og Vest-Bengal, der han begge stader er offentleg høgtidsdag, og av bengalarar verda over. Feiringa blir kalla nôbobôrsjo (bengali নববর্ষ ), som tyder ‘nyttår’, eller poila boisjakh (bengali পহেলা বৈশাখ), ‘første dagen av boisjakh’. I Bangladesh er kalenderen lagt fast slik at nyårsfeiringa alltid fell på 14. april. Andre stader kan dagen falla på 14. eller 15. april.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |