Bevegelsen for Sosialisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bevegelsen for Sosialisme (BfS) blei stifta i 2002, av medlemmer frå ulike parti på venstresida (SV, RV, NKP, DNA) og folk utan partipolitisk tilknyting. I gruppa som grunnla (BfS) var mellom andre to nyleg ekskluderte landstyremedlemmer frå NKU samt ein god del nyutmelde tidlegare NKU-medlemmer, mellom desse har BfS valt sine to leiarar så langt.
Organisasjonen har som mål å overskride ei rekkje tradisjonelle politiske skiljelinjer og sameine til kamp for eit sosialistisk samfunn. Organisasjonen si sosialismeforståing har ofte blitt omtalt som nokså vid, og organisasjonen sitt mål er samla i ein politisk plattform og ein organisatorisk visjon som samla kan beskrivast som ei miniplattform.
I praksis har organisasjonen fokusert mykje på den antiimperialistiske kampen og solidaritet med frigjeringsrørsler i den tredje verda. Organisasjonen markerer seg også med klar avstandstaking frå alle former for politisk vald. Han har også presentert nokre generelle forslag til politiske strukturreformer. I Bergen har BfS tatt initiativ til ei rekkje med møte om politiske tema i samarbeid med ei rekkje parti og organisasjonar.
Bevegelsen for Sosialisme gir ut magasinet Sosialistisk fremtid.
Organisasjonen har om lag 60 medlemmer (2004) og lokallag i Oslo, Bergen og Narvik.
Den synest å ha ein viss ideologisk og praktisk innverknad i venstremiljø enkelte stader, da særleg i Bergensområdet der leiinga er lokalisert.
[endre] Leiarar
- Even Sandvik Underlid (2003–2004)
- Marcos Amano (2004-2005)
- Kollektiv av Kari K. Fosse, Lars A. Eriksen, Knut Lindtner (2005-2006)
- Kollektiv av Asgeir Bjørkedal, Jan Selmer Methi, Knut Lindtner (2007-)