Oslo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om byen Oslo i Noreg. For andre tydingar av ordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0301 |
Fylke: | Oslo |
Administrasjonssenter: | Oslo |
Flatevidd: | 454 km² |
Folketal: | 541822 (01.04.2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.oslo.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Per Ditlev-Simonsen (H) 2003-2007 |
Oslo er hovudstaden i Noreg, den største byen, og både ein kommune og eit fylke. Byen blir òg kalla Tigerstaden. Slottet, Stortinget, regjeringa, Høgsterett og dei fleste andre offentlege styringsorgan held til i Oslo.
Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å atterreise byen attom Akershus festning. Denne byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det i staden vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen vaks utover 1800-talet, inkluderte han òg området som tidlegare heitte Oslo. I 1924 vedtok Stortinget å endre namnet til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad.
Innhaldsliste |
[endre] Politikk
Oslo har eit parlamentarisk styre, noko som vil seie at byen har si eiga byregjering. Byrådet i Oslo er sett samana av seks byrådar og ein byrådsleiar, for tida Erling Lae. Regjerande parti er Høgre og Framstegspartiet.
Den formelle, men hovudsakleg seremonielle leiaren av byen er ordføraren, for tida Per Ditlev-Simonsen (H).
[endre] Bydelar
Folkemengd fordelt i bydelane, 1.1.2005. |
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå |
Gamle Oslo | 35 431 |
Grünerløkka | 37 774 |
Sagene | 29 654 |
St. Hanshaugen | 27 619 |
Frogner | 45 640 |
Ullern | 27 179 |
Vestre Aker | 40 587 |
Nordre Aker | 41 060 |
Bjerke | 24 448 |
Grorud | 24 729 |
Stovner | 28 445 |
Alna | 44 151 |
Østensjø | 42 681 |
Nordstrand | 43 297 |
Søndre Nordstrand | 33 501 |
Sentrum | 438 (*) |
Marka | 1 614 (*) |
Ikkje oppgjeve | 1 498 |
Total | 529 846 |
(*) utanfor bydelsinndelinga |
Bydelsreforma av 1. januar 2004 reduserte talet på bydelar til 15. Bydelane er:
Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø
[endre] Folkesetnad og økonomi
- Oslo blei kåra til verdas dyraste by i 2006. [1]
- I tillegg til dei 15 bydelane hadde Oslo sentrum 495 innbyggjarar 1. januar 2004 og eit areal på 1.8 km².
- Marka hadde 1596 innbyggjarar 1. januar 2004 og ei flatevidd på 301.1 km².
[endre] Historiske innbyggjartal
1801 | 9 500 |
1825 | 15 400 |
1855 | 31 700 |
1875 | 76 900 |
1900 | 227 700 |
1925 | 255 700 |
2003 | 517 401 |
[endre] Universitet og høgskular
- Arkitekthøgskolen i Oslo
- Diakonhjemmets høgskole
- Høgskolen i Oslo
- Høgskolen i Staffeldtsgate
- Handelshøyskolen BI
- Kunsthøgskolen i Oslo
- Lovisenberg diakonale høgskole
- Menighetssøsterhjemmets sykepleierhøgskole
- Norges Informasjonsteknologiske Høgskole
- Norges markedshøyskole
- Norges musikkhøgskole
- Norges veterinærhøgskole
- Norges idrettshøgskole
- Politihøgskolen
- Statens balletthøgskole
- Statens håndverks- og kunstindustriskole
- Statens kunstakademi
- Statens operahøgskole
- Statens teaterhøgskole
- Universitetet i Oslo, grunnlagt 1811
[endre] Kjende personar frå Oslo
- Bernt Anker (1746–1805), kammerherre, godseigar, forretningsmann
- Peter Chr. Asbjørnsen (1812–1885), forfattar og naturvitar
- Karin Bang, forfattar
- Lauritz Bergendahl (1887–1964), skiløpar
- André Bjerke, (1918–1985), forfattar og diktar
- Ketil Bjørnstad, forfattar
- Gerd Brantenberg, forfattar
- Alex Brinchmann, forfattar
- Kjell Bækkelund (1930–2004), pianist
- Finn Carling (1925–2004), forfattar
- Lars Saabye Christensen, forfattar
- Torbjørn Egner (1912–1990), forfattar
- Christopher Grøndahl, forfattar
- Jostein Gaarder, forfattar
- Viggo Hansteen (1900–1941), jurist, politikar
- Jens Christian Hauge, leiar for heimefronten, politikar
- Espen Haavardsholm, forfattar
- Sigurd Ibsen (1859–1930), forfattar, og statsminister i Stockholm
- Jan Kjærstad, forfattar
- Egil Monn-Iversen, komponist
- Wenche Myhre, songartist
- Odd Nerdrum, kunstmalar
- Rudolf Nilsen (1901–1929), lyrikar
- Tove Nilsen, forfattar
- Rikard Nordraak (1842–1866), komponist
- Arild Nyquist (1937–2004), forfattar
- Christian Schibsted (1812–1878) boktrykkjar og forleggar
- Johan Svendsen (1840–1911), komponist
- Radka Toneff (1952–1982), jazzmusikar
- Petter Vennerød, filmregissør
- Bjørg Vik, forfattar
- Rolf Wickstrøm (1912–1941), fagforeningsleiar
[endre] Verdt å sjå
- Akershus slott og festning
- Astrup-Fearnley-Museet
- Munch-museet
- Forsvarsmuseet på Akershus Festning
- Fram
- Frogner Hovudgard med Oslo Bymuseum og Frognerparken med Vigelandsanlegget og Vigelandsmuseet.
- Garden (Slottet)
- Historisk Museum
- Holmenkollen med Skimuseet og Holmenkollbakken
- Kon-tiki-museet på Bygdøy
- Museet for Samtidskunst
- Nasjonalgalleriet
- Norsk Folkemuseum på Bygdøy
- Norsk Teknisk Museum på Kjelsås
- NRK Opplevelser
- Oslo Bymuseum på Frogner Hovudgard
- Oslo Rådhus
- Polarskipet Fram på Bygdøy
- Sjøfartsmuseet på Bygdøy
- Skøytemuseet [2] ved Frogner stadion
- Slottet
- Stortinget
- Vikingskipsmuseet på Bygdøy
[endre] Forsvaret
- HMKG, Huseby leir
- FSES, Lutvann leir
- Akershus Kommandantskap, Akershus festning, Lutvann leir, Linnerud leir.
- Forsvarsstaben
- Krigsskolen, Linnerud leir
I Oslo finn ein mange mindre militæravdelinger:
- Forsvarsmuseet
- Forsvarets stabsmusikk
- Feltprestkorpset
- Forsvarets mediesenter
[endre] Bakgrunnsstoff
- Oslo kommune
- Trafikanten
- Statistisk Sentralbyrå sitt Faktaark
- Open Guide til Oslo
- Oslo Bymuseum
- Oslo i bilder
|