Birobidzjan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birobidzjan (På russisk Биробиджа́н; på jiddisch ביראָבידזשאן), er hovudstaden i Den jødiske autonome oblasten i Russland. Byen ligg ved elvane Bira og Bidzjan, derfor namnet, og er nær grensa til Folkerepublikken Kina og ved Den transsibirske jernbanen. I 2006 hadde byen 78 500 innbyggjarar. Jiddisch er eitt av dei offisielle språka der, og blir framleis i nokon grad bruka.
Dei som gjestar området skal finne det overraskande grønt. Det er mest lettindustri der.
Ein dokumentarfilm kalla L’Khayim, Kamerat Stalin! om korleis Stalin oppretta denne regionen for jødane på 1930-talet og korleis tusenvis av jødar slo seg ned der, kom i 2003. I tillegg til at filmen viser historia om opprettinga av dette som skulle vere eit «jødisk heimland», viser filmen scener frå dagens Birobidzjan og intervju med jødiske innbyggjarar.
Det var ikkje så stor del av dei sovjetiske jødane som slo seg ned i Birobidzjan, men dei som gjorde det, kom seg iallfall unna det Holocaust som ramma jødane i den vestlege delen av landet da Nazi-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen i 1941.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Birobidzhan from 1929 to 1931 - photo album (Digitized page images) at US Library of Congress
- Atlas: Birobidzhan
- Birobidzhan.rfn.ru
- Birobidzhan government homepage (official)
- Birobidzhan Photo Gallery (official)
- Birobidzan, Stalin’s Forgotten Zion by Jonas Bendiksen (Magnum Photos)