Sovjetunionen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sovjetunionen eller Sovjetsamveldet, fullt namn Sambandet av Sosialistiske Sovjet-Republikkar (SSSR, med russiske bokstavar CCCP), var det offisielle namnet sidan 1922 på den statsdanninga som var resultatet av den bolsjevikiske (kommunistiske) revolusjonen i Russland i 1917. Frå 1917/18 til 1922 var den viktigaste og største delen av landet den Russiske Sosialistiske Føderative Sovjet-Republikken RSFSR, og med meir eller mindre friviljug tilslutning frå den kviterussiske, ukrainske og andre SSRar, blei så Sovjetunionen oppretta. Sovjetunionen blei oppløyst i 1991.
|
|||||
Nasjonalt motto: Пролетарии всех стран, соединяйтесь! (Arbeidarar i alle land, samein dykk!) | |||||
Offisielt språk | Ingen, i røynda russisk | ||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Flatevidd - Totalt - % vatn |
1. før samanbrotet 22 402 200 km2 xx% |
||||
Folkesetnad - Totalt - Tettleik |
Nr 3. i verda før samanbrotet 293 047 571 (Juli 1991) 13,08/km2 (Juli 1991) |
||||
Grunnlegging - Erklært - Anerkjent |
1922 |
||||
Opphøyrde | 1991 | ||||
Valuta | Rubel | ||||
Tidssone | UTC +3 til +11 | ||||
Nasjonalsongar | Internasjonalen (1922-1944) Hymne til Sovjetunionen (1944-1991) |
||||
Internett TLD | .su |
[endre] Land som har vore sovjetiske delrepublikkar
- Armenia
- Aserbajdsjan
- Estland
- Georgia
- Kviterussland
- Kasakhstan
- Kirgisistan
- Latvia
- Litauen
- Moldova
- Russland
- Tadsjikistan
- Turkmenistan
- Ukraina
- Usbekistan
[endre] Sovjetiske statsleiarar
- Mikhail Gorbatsjov (1985-1991) ville demokratisere Sovjetunionen, men vart avsett, og staten vart oppløyst.
- Konstantin Tsjernenko (1984-1985) sat i knappe 13 månadar.
- Jurij Andropov (1982-1984) sat i 16 månadar.
- Leonid Bresjnev (1964-1982) Auka satsing på romfart og militær makt. Stabilitet, men etter kvart stagnasjon for det sivile samfunnet.
- Nikita Khrusjtsjov (1953-1964) Oppmjuking, auka levestandard og tilnærming til Vesten. Han vart avsett.
- Josef Stalin (1924-1953) vart diktator og leidde Sovjet under andre verdskrigen.
- Vladimir Iljitsj Lenin (1922-1924) var grunnleggjar av Sovjetunionen, men vart etter kvart sjuk og døydde.