Blålid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Blålid er ei bygd i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på nordsida av Skavøypollen.
Bygda er ein del av poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt. Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy. I bygda ligg det ei skipsbyggjarverksemd med slipp som produserar og vedlikeheld plastbåtar.
Bygdene Kulen, Degnepoll, Trollebø, Skavøypoll, Tennebø, Blålid og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad.
Blålid er óg eit etternamn med om lag 112 brukarar.