Kulen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Kulen er ei bygd i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på fastlandssida av Ulvesund.
Bygda er ein del av poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt. Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy. Den nyopna institusjonen for eldre i Vågsøy kommune, Kulatoppen, ligg her. I bygda ligg den verna bedrifta ASVO og eit Shell bunkersanlegg.
Bygdene Kulen, Degnepoll, Trollebø, Skavøypoll, Tennebø, Blålid og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad.
Kulen er óg eit etternamn som vert nytta av om lag 36 personar.