Black metal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nemninga «black metal» stammar frå Venom-plata Black Metal frå 1982. Venom starta opp i 1980 etter at tre personar hadde fått ideen om å spela satanistisk thrash metal. Til sine eigne namn valde dei pseudonym for ulike demonar som høvde til konseptet – Cronos på vokal, Mantas på gitar og Abaddon på bass. Debutplata Welcome to Hell er meir å rekna som som thrash metal enn dagsens black metal; dagsens black metal minner gjerne om den andre og tredje bylgja black metal. Oppfylgjaren Black Metal inneheld mange av dei elementa som seinare vart karakteristiske for black metal-sjangeren – rå og primitiv instrumenthandtering og eit ljodbilete som vanlege produsentar ville ha sagt låg på demo-nivå.
Seinare var svenske Bathory det fyrste bandet til å taka i bruk screaming, vokalstilen som skulle verta et kjennemerke på black metal. Bathory la dessutan grunnlaget for riffingsprinsippet som vert nytta i black metal.
På slutten av 80-tallet gav band som Darkthrone og Mayhem ljod til den norske stilen innanfor black metal. Klassikarar her er A blaze in the Northern Sky frå 1991 og De Mysteriis Dom Satanas frå 1994. Andre band fylgde i kjølvatnet – her kan nemnast Immortal, Burzum, Obtained Enslavement, Enslaved, Emperor, Gorgoroth osb. Mediegjennombrotet for black metal kom med kyrkjebrannane og dråpet på Øystein Aarseth (Euronymous) i 1993, hendingar som skapte mykje åtgaum i både norske og internasjonale media.
Mange meiner at framveksten av black metal har gjeve nytt liv til heavy metal-sjangeren som på slutten av 80-tallet var merkt av stagnasjon og skort på nyskapning. I dag har black metal ekspandert i so mange ulike leider at det er vanskeleg å seia kva som er black metal og ikkje. Medan Darkthrone framleis held seg til det gamle «true Norwegian»-konseptet (seinast med nyutgjevne Sardonic Wrath), har mange av dei klassiske black metal-gruppene orientert seg bort fra tradisjonell black metal og meir i retning av progressiv rock og elektronika.