Blues
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blues er ei vokal og instrumental musikkform, basert på blåtonar og eit repeterande mønster, som oftast ein tolvtaktars akkordprogresjon. Sjangeren vart utvikla i USA blant tidlegare afroamerikanske slavar, frå spiritual-musikk, salmar og arbeidssongar. Bruken av blåtonar og det utprega call-and-response-mønsteret i musikk og tekst tyder på eit Vest Afrikansk opphav. Bluesen påverka seinare amerikansk og vestleg populærmusikk, ved å seinare danne grunnlaget for sjangrar som ragtime, jazz, bluegrass, rythm and blues, rock and roll, hip hop, country og pop.