Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Jazz - Wikipedia

Jazz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jazz er ein opphavleg amerikansk musikksjanger. Stilmessig er den ein blanding av tradisjonell afrikansk og tradisjonell europeisk musikk, og er kjenneteikna av blå tonar, polyrytmikk, improvisasjon og swingtime.

Innhaldsliste

[endre] Etymologi

[endre] Jazzhistoria i USA

Buddy Boldens band (1905) frå New Orleans.
Buddy Boldens band (1905) frå New Orleans.

Jazzen oppstod som ein utvikling av vestafrikansk musikktradisjon blant slavar i USA. Deira utprega rytmiske musikk vart blanda med europeisk kyrkjemusikk og europeiske instrument. Ut frå denne blandinga fekk ein, i løpet av 1800-talet, mellom anna blues, ragtime og spirituals. Rundt 1900 resulterte desse trendane i jazzen, med eit naturleg sentrum i New Orleans.

[endre] New Orleans

Buddy Bolden vart ein sentral artist, men han spelte likevel aldri inn musikken sin, og han hamna i asyl i 1907. I New Orleans stod det likevel nye artistar klare til å ta over. Trompetisten King Oliver leia eit av dei mest populæra banda, og snart dukka fleire markante musikarar opp på scena. Fremst av desse stod klarinettisten Sidney Bechet og trompetisten Louis Armstrong. Desse musikarane vidareutvikla den kollektive improvisasjonsstilen som var kjenneteiknande for New Orleans.

[endre] Auka popularitet og swing-æraen

Rundt 1920 fekk jazzmusikken eit større publikum i USA. Dette skjedde først og fremst som eit resultat av at grammofonplater og radioar vart meir vanlege i bruk. Samtidig byrja det å utvikle seg eigne miljø i byar som Kansas City, Chicago og New York. Mange afroamerikanarar reiste frå Sørstatane til Nordstatane i byrjinga av 1900-talet, for å få arbeid i den veksande industrien, og mykje av den musikken som er knytt til New Orleans vart eigentleg utvikla i Chicago. Både Armstrong og Oliver spela inn platene sine i Chicago. På slutten av 1920-åra starta fleire storband opp i New York. Dei fremste av desse var Duke Ellington og Paul Whiteman sine band, som begge freista å gi meir sofistikerte arrangement til jazzmusikken.

Storbanda vart dominerande utover 1930-åra, og storbandleiarar som Ellington, Count Basie, Benny Goodman og Glenn Miller fekk noko nær stjernestatus i 30- og 1940-åra. Store deler av repertoaret var dansemusikk, og graden av improvisasjon varierte mykje mellom dei ulike banda.

[endre] Bebop og moderne jazz

I New York vart det i siste del av swing-perioden starta ein motsett trend. Små band samlast på nattklubbar og utforska bebopen, ei musikkform som ikkje var like tilgjengeleg for det vanlege publikumet. Låtane gjekk ofte i eit høgt tempo, og musikarane improviserte over akkordprogresjonar, og ikkje over melodiar, slik det hadde vore vanleg tidlegare. Nokre av dei fremste eksponentane for bebopen var Charlie Parker og Dizzy Gillespie. Bebopen vart grunnlaget for moderne jazz, og ei rekkje nye sjangrar oppstod med basis i denne musikkforma. Cool jazzen var ei «mjukare» utgåve, medan hard bop gjekk i andre retninga. Hard bop-musikarar reindyrka dei eksplosive kvalitetane ved bebopen, og eksponentar for denne retninga, som Art Blakey, la meir vekt på blues- og gospelelementa i musikken. Skiljene mellom dei to stilartane bør likevel ikkje overdrivast, då artistar som Miles Davis opererte innanfor begge.

Medan desse sjangrane heldt seg innanfor dei harmoniske og rytmiske rammene sett av bebopen, utvikla det seg også ei retning som medvite gjekk inn for å bryte reglane. Frijazzen vart til mot slutten av 1950-åra, med Ornette Coleman som gallionsfigur. Det Coleman og andre frijazzmusikarar gjorde, var å fjerne seg frå komposisjonane og å gå lengre i improvisasjonen enn det tidlegare jazzmusikarar haddde gjort. Trass i at frijazzen gjerne vert sett på som grunnleggjande ulik andre former for jazz, kan ein likevel finne ein glidande overgang. John Coltrane gjekk til dømes frå å skape reine hard bop-plater i slutten av 1950-åra, til å gradvis nærme seg frijazzen utover 1960-åra. Retninga oppstod samtidig med borgarrettsrørsla i USA, og mange av frijazzmusikarane såg musikken som ein del av opprøret mot dei eksisterande samfunnsstrukturane. Dette var også tilfelle for fleire av dei som haldt seg til meir tradisjonelle former for jazz, som til dømes Max Roach.

[endre] Jazz i Noreg

[endre] Improvisasjon

Reggie Workman, Pharoah Sanders og Idris Muhammad, o. 1978
Reggie Workman, Pharoah Sanders og Idris Muhammad, o. 1978

Det er ofte vanskeleg å definere jazz, men improvisasjon er eit nøkkelelement innan stilretninga. Improvisasjonen var ein viktig del av afrikansk og tidleg afrikansk-amerikansk musikk, og den er tett knytt til bruken av «call and response» i desse kulturane.

Måten ein improviserer har forandra seg over tid. Tidleg bluesmusikk var ofte basert på eit «call and response»-mønster, og ein brukte improvisasjon i tekst og/eller melodi.

I den tradisjonelle jazzen og Dixieland-stilen, byter musikarane på å spele melodien medan dei andre improviserer motstemmer. I motsetnad til klassisk musikk, der ein freistar å spele musikken slik komponisten hadde førestilt seg den, er målet i jazz å lage nye tolkingar. Dette kan gjerast ved å endre melodien, harmonien eller til og med taktarten. På den andre sida er dei rytmiske elementa strengt kontrollert, og ein har lite variasjon i det grunnleggjande tempoet.

I Swing-æraen brukte storbanda å spele musikk som var arrangert og nedskriven på notar. Enkeltsolistar spelte improviserte soloar over desse komposisjonane. I bebopen vart fokus flytta frå arrangeringa til improvisasjonen over skjemaet; musikarane la mindre vekt på melodien, som vart spelt på byrjinga og slutten av låten.

Seinare stilretningar, som modaljazz, gjekk vekk frå å halde fast ved den same akkordprogresjonen, og tillet enkeltmusikarane å improvisere friare innanfor ein gjeven skala (eit eksempel er Miles Davis sitt Kind of Blue-album). Avant-garde og frijazzmusikarar går lengre enn dette, og fjernar dei resterande rytmiske og harmoniske grensene for kva som er «lov» å spele.

Når ein pianist, gitarist eller andre improviserar eit akkompagnement bak ein solist, vert det kalla komping. «Vamping» er ein måte å kompe der ein berre spelar eit par akkordar eller taktar, i motsetnad til å kompe over akkordskjemaet for heile komposisjonen. Som oftast er vamping brukt som ein enkel måte å forlenge byrjinga eller slutten av eit stykke, eller for å førebu ein overgang.

I moderne jazz-komposisjonar, der dei underliggande akkordane er spesielt raske eller kompliserte, kan komponisten lage eit sett «blowing changes», som er eit forenkla sett akkordar som er lettare å kompe og improvisere over.

[endre] Stilretningar

  • Trad jazz
  • Swing
  • Bebop
  • Hard bop
  • Cool jazz
  • Latin jazz
  • Modaljazz
  • Frijazz
  • Jazz fusion

[endre] Bakgrunnsstoff

Note Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over musikkspirer.

Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu