Bujumbura
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land |
Burundi |
Geografi | |
Flatevidd - By |
650 km² |
Innbyggjarar - By (1996) - folketettleik |
Om lag 300 000 456/km² |
Koordinatar | 3°23′″S, 29°22′″E |
Høgd over havet | 794 m |
Diverse annan informasjon |
Bujumbura er hovudstaden i Burundi. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og hadde i 1994 eit estimert folketal på 300 000. Bujumbura er den største byen i landet og det administrativet og økonomiske senteret. Her vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Byer er òg den viktigaste hamna i Burundi frå her vert dei viktigaste eksportvarene i landet eksportert, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.
[endre] Vekst
Bujumbura vaks frå ein liten landsby etter han vart ein militærleir i Tysk Austafrika i 1889. Etter den første verdskrigen vart han det administrativet senteret i det belgiske Folkeforbundmandatet Ruanda-Urundi. Namnet på byen vart endra frå Usumbura til Bujumbura då Burndi fekk sjølvstende i 1962. Sidan sjølvstende har det i byen ofte vore kampar mellom dei to største etniske gruppene i landet, Hutu-militsen mot den Tutsi-dominerte hæren til Burundi.
Sentrumet av byen er ein koloniby med eit stort marked, ein nasjonalstadion, ein stor moske, og ein katedral. Av museum i byen finn ein Burundi Livsmuseum og Burundi geologisk museum. Andre attraksjonar i nærleiken er Rusizi nasjonalpark, ein stein ved Mugere som visstnok er staden der David Livingstone og Henry Morton Stanley møttes (sjølv om ein meiner at møte deira fann stad i Ujiji i Tanzania), og kjelda til den sørlegaste sideelva til Nilen, lokalt kalla kjelda til Nilen.
Ferjer går frå Bujumbura til Kigoma i Tanzania. I tillegg ligg Bujumbura internasjonale flyplass Bujumbura universitet i byen.
Byen er òg staden der disneyfilmen George of the Jungle finn stad.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bujumbura frå Engelsk Wikipedia.