Burgassjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burgassjøen | |
---|---|
|
|
Stad | Vest for Burgas i Bulgaria |
Koordinatar | |
Største lengd | 9,6 km |
Største breidd | 2,5 - 5 km |
Overflateareal | 27,60 km² |
Største djup | 1,3 m |
Busetnadar | Burgas |
Burgassjøen (Бургаско езеро) eller Vajasjøen (езеро Вая) er ein innsjø nær Svartehavet like vest for byen Burgas, og den største naturlege innsjøen i Bulgaria med eit areal på 27,60 km², ei lengd på 9,6 km og ei breidd på 2,5 til 5 km. Han er opp til 1,3 m djup.
Innsjøen inneheld relativt lite salt samanlikna med enkelte andre av Burgassjøane (om lag 4-11 %), og har eit stort mangfald av dyreartar, inkludert 60 fiskeartar, 60 typar virvellause dyr og 254 fugleartar (der 61 av dei er utryddingstrua i Bulgaria)
Tidlegare var innsjøen eit viktig fiskeområde, men etter at ein oppretta eit petrokjemisk anlegg i nærleiken forsvann mykje av fisken. Dei siste åra har derimot forureinga vorte mindre og dyrelivet har teke seg opp att.
[endre] Kjelder
- Michev, Nikolay; Tsvetko Mihaylov, Ivan Vaptsarov, Svetlin Kiradzhiev (1980). Geographical dictionary of Bulgaria. Sofia: Nauka i izkustvo.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Burgas frå Engelsk Wikipedia.