Dampmaskin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dampmaskin er ei nemning på ein motor som vert driven av damp under trykk. Franskmannen Denis Papin oppdage at når vatn vert varma opp til det fordampar, utvidar det seg kraftig. Når dampen vert kjølegare, vert han vatn att. I ein dampmaskin skjer oppvarmings- og avkjølingsprosessen på kvar si side av eit stempel plassert i ein sylinder, slik at dette stempelet vert drive fram og attende. Dei teoretiske prinsippa bak dampmaskinen fell inn under termodynamikken, som er ei gren innan fysikk.
Den første fungerande dampmaskinen vart teken patent på i 1769 av James Watt, og la grunnlaget for den industrielle revolusjonen. Dampmaskinar vart etter kvart mykje nytta som motor i til dømes dampskip og damplokomotiv. Brenning av kol vart mykje nytta for å driva dampmaskinane.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Animasjon av korleis ein dampmaskin verkar
- Om ulike typar dampmaskinar
- Verdas minste dampmaskin
- Historikk om dampmaskin
- Modellbygging av damplokomotiv
- an interactive animation
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |