Danny Kaye
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danny Kaye, fødd David Daniel Kaminski, (18. januar 1913 – 3. mars 1987) var ein kjend komikar, skodespelar og songar frå USA.
Han blei fødd i Brooklyn i USA til ukrainske innvandrarforeldre; faren var skreddar. Den unge Kaminski gjekk tidleg ut av skulen og arbeidde som underhaldar på hotell. Han blei oppdaga som skodespelar og gjorde etter kvart karriere både innan film og teater.
Broadwaydebuten kom i 1939 med The Straw Hat Revue. Ein av dei største suksessane hans der var Lady in the Dark frå 1941, der han i songen Tchaikovsky ramsa opp namna på 54 russiske komponistar på 38 sekund. Danny Kaye fekk i løpet av 1940-talet stjernestatus for mimikken og humortalentet sitt. Ein opptreden i London Palladium, der den britiske kongefamilien blei sagt å ha hylt av latter.
I 1944 kom den første spelefilmen hans, Up in Arms. Seinare spelte han i filmar som The Inspector General (1949), White Christmas (1954) og The Court Jester (1956). Fleire av filmane hans handla om dobbeltgjengarr, begge spelte av Kaye, som blei forveksla med kvarandre på underhaldande vis. Skodespelaren gjorde óg to biografiske rollar, som H. C. Andersen i filmen Hans Christian Andersen og som jazzpioneren Red Nichols i The Five Pennies.