Diskusjon:Datamaskin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg lurer på om det kanskje hadde vore best å ha ei side som heiter Datamaskiner i dagleglivet som det er lenka til frå framsida. Ordet Datamaskin bør ha ei grundig og tidvis teknisk forklaring som eg trur vil verte for tung for 'Daglegliv'.
- Artikkelen bør først ha eit avsnitt om datamskinar i dagleglivet. Dersom denne delen blir utvida, kan me så laga ein eigen artikkel. Det same kan skje med teknikken - dersom det blir svært langt og grundig, kan me kanskje flytta den til Teknikken bak datamaskinar eller noko slikt. -- Ranveig 1. mar 2005 kl. 2015 (UTC)
- Samd i tankegangen. Artikkel om datamaskin bør vere grundig. Datamaskiner i dagleglivet kjem jo inn under personleg datamaskin (PC) osb. --Bep 1. mar 2005 kl. 2111 (UTC)
Datavitskap ser ut il å vere ein dårleg oversetting av "Computer science" frå engelsk. I dei fleste andre europeiske språk, inkludert (ny)norsk brukar ein ordet informatikk e.l, så eg forandra det
- Og det er interessant å merka seg at informatikk ikkje tyder det same som informatics på engelsk. Sjå en:Information science#A note on international terminology. Bjarte 4. august 2005 kl. 05:25 (UTC)
- PS: Gisle, du kan skriva under på kommentarar på diskusjonssider og liknande ved å skriva fire tilder (~~~~) eller å trykka på krussedullknappen, nummer to frå høgre ovanfor redigeringsboksen. Bjarte 4. august 2005 kl. 05:25 (UTC)