Datamaskin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein datamaskin er eit apparat eller ein maskin som kan nyttast til rekning og til å kontrollere operasjonar som kan uttrykkjast med tal eller logiske uttrykk. Datamaskinar er oppbygde av komponentar som utfører enkle, velkjende oppgåver, og det er samspelet mellom desse som gjer det mogleg for datamaskinar å handsama opplysningar. Ved å programmere maskinen kan han nyttast til dømes til å løysa eit problem eller å simulere eit system.
Granskinga av teorien, utforminga og bruken av datamaskinar vert kalla informatikk.
[endre] Hovudprinsipp
Dei fyrste datamaskinene, som differansemaskinen åt Charles Babbage, var oppbygd av mekaniske delar. Seinare vart det bygd datamaskinar basert på elektromekaniske relebrytarar, mellom anna av tyskaren Conrad Zuse. Den amerikanske datamaskinen ENIAC, bygd på byrjinga av 1940-talet, var den fyrste elektroniske datamaskinen. I dag er mest alle datamaskinar elektroniske, men det finst ogso maskinar som baserar seg på andre kjende fysiske ovringar.
Tidlegare var analoge reknemaskinar vanlege. Desse var som regel baserte på nettverk av operasjonsforsterkarar som kunde gjera vanlege matematiske operasjonar som addisjon, subtraksjon, integrasjon og derivasjon på reine elektriske spenningssignal.
Datamaskinar kan ikkje løysa alle matematiske problem. Alan Turing fann ut kva for problem dette galdt, og grunnla med det teoretisk informatikk.
![]() |
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |