Demokratisk sentralisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demokratisk sentralisme er eit organisasjonsprinsipp som går ut på at ein organisasjon har ein felles front eksternt etter den interne debatten er sagt å vere over og eit vedtak er gjort. Då skal alle partimedlemer arbeide for å gjennomføre dette. Dette prinsippet vart utvikla av Lenin og har vore vanleg i kommunistiske parti. I tillegg til dette skarpe skiljet mellom eit før og eit etter vedtak og mellom indre og ytre prosessar, har demokratisk sentralisme òg betydd eit forbod mot fraksjonar innanfor partia, og bruk av eksklusjonar mot politisk opposisjon i partiet sine rekkjer.
Også Det norske Arbeidarpartiet har ein tradisjon for slik organisasjonspraksis i nokon mon. Fraksjonar er framleis forbodne i partivedtektene, og medlemer kan bli ekskluderte for slik verksemd eller for å gå imot partivedtak i viktige saker. I dei seinare åra har likevel dette vorte gjennomført i mindre grad i praksis.
Sosialistisk Folkeparti vart skipa i 1961 etter at opposisjonelle arbeidarpartimedlemer hadde vorte ekskluderte. Blant dei var Finn Gustavsen. SF var viktigaste forløparen for dagens SV. SF/SV har ingen eksklusjonsparagraf, og ikkje noko eksplisitt forbod mot fraksjonar, det vil seie organiserte tendensar eller grupperingar innanfor partiet. Venstresosialistane ville ikkje ha nokon eksklusjonsparagraf nettopp fordi dei meinte han kunne misbrukast av ei partileiing, slik som i kommunistpartia og i DNA.
I Noreg dei siste åra har dei fleste eksklusjonane skjedd i Framstegspartiet.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |