Kommunist
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kommunist er ein tilhengar av kommunisme. Nokre kommunistar definerer kommunisme rett og slett som eit framtidig klasselaust samfunn, men historisk er nemninga i stor grad knytta til ideane åt Vladimir Lenin og til den russiske bolsjevismen. Kommunistar som freistar vidareføre denne læra i ubroten tradisjon, omtalar ofte seg sjølve som marxist-leninistar.
Forstått slik, blir det å vere kommunist ofte knytta til den sovjetiske samfunnsmodellen og eittpartistaten, iallfall slik han blei grunnlagd av Lenin, om ikkje til Josef Stalin sitt personlege einevelde. I praksis er det i stor grad den sovjetiske samfunnsmodellen som er blitt praktisert også i andre kommuniststyrte land, sjølv dei som har vore fiendar av Sovjetunionen, som Kina og Albania.
Idag kan det seiast å finnast tre typar kommunistar. Den eine er den ureformerte stalinistiske og/eller maoistiske typen (sjå Mao Zedong eller Enver Hoxha). Den andre er den trotskistiske typen, som i stor grad forsvarer Lenin og reknar seg som ekte bolsjevikar, men er sterkt anti-stalinistiske (sjå Lev Trotskij). Den tredje er den reformerte typen, som før ofte blei kalla "eurokommunistar" etter kommunistpartia i Italia, Spania og Frankrike, som utvikla ei sjølvstendig og demokratisk linje. Slike reformerte kommunistar er i praktisk politikk å rekne som demokratiske venstresosialistar. Dei tek avstand frå eittpartidiktatur og undertrykking og arbeider for sosiale reformer på lovleg og fredeleg vis innafor ramma av demokratiet.