Den nikenske trusvedkjenninga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Nikenske Trusvedkjenninga eller Symbolum Nicenum er nemninga på den eine av dei to viktigaste trusvedkjenningane i den vestlege kyrkja. I den norske kyrkja er ho sidestilt med den apostoliske trusvedkjenninga, som er langt meir nytta.
[endre] Bakgrunn
Nicenum vart skriven etter vedtak på Kyrkjemøtet i Nicaea i 325. Møtet var samankalla av keisar Konstantin for å få ro i den nyleg etablerte kyrkja. Til møtet kom det prestar og biskopar frå heile Romarriket, mest frå den austlege delen, og den dåverande paven var ikkje tilstades. Møtet sat samla frå mai til september 325.
[endre] Teksta
Teksta er opphaveleg skriven på gresk, men er mest nytta på latin, sidan denne vedkjenninga er vorten ein slag grunnstein for den katolske kyrkja. Eit sentralt punkt i teksta er rolla til den heilage anden, som det vart vedteke skulle "utgå frå Faderen og sonen" (Filio-que). Denne detaljen førde med tida til splitting mellom aust- og vestkyrkja. Den ortodokse kyrkja går ikkje god for denne formuleringa. Det er óg mogleg å skilje den greske teksta frå utgåva på latin, ved at teksta på gresk syner ei friare haldning til endeformuleringa, nedan latin-utgåva er tillempa den politiske makta til pavekyrkja.
Vi trur på ein Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.
Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus, Guds einbårne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, lys av lys, (sann Gud av sann Gud), fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Alt er skapt ved han. For oss menneske og til frelsa vår steig han ned frå himmelen, og ved Den Heilage Anden og av jomfru Maria vart han menneskeleggjort. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, leid og vart gravlagd, oppstod den tredje dag etter skriftene og fòr opp til himmelen, sit ved høgre handa åt faderen, skal koma att i herlegdom for å døme livande og daude, og riket hans skal vera utan ende.
Vi trur på Den Heilage Anden, som er Herre og gjer levande, som gjeng ut frå Faderen og Sonen, tilbedast og ærast saman med Faderen og Sonen, og som hev tala gjennom profetane. Vi trur på èn heilag, allmen og apostolisk kyrkje. Vi kannar ein dåp til forlating for syndane og ventar oppstode for dei daude og eit liv i den komande verda.
Teksta i parentes finst berre i omsetjinga til latin.