Derek Walcott
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Derek Walcott (f. 23. januar 1930) er ein karibisk forfattar som skriv dikt og skodespel. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1992.
Walcott blei fødd i Castries, hovudstaden på Saint Lucia, som tvilling til Roderick. Faren døydde då gutane bare var få år gamle. Mora dreiv metodistskulen i byen. Atten år gammal debuterte han som forfattar, men gjennombrotet kom først med In a Green Night, som kom ut i 1962.
Diktinga hans er prega av den valdsame karibiske historien, med slaveri og undertrykking. Walcott bruker òg mykje symbolikk frå myter sett i samanheng med samfunnet, som i det episke diktet Omeros, der han omarbeider Oddysséen av Homer til å finna stad i Karibia, London og den amerikanske vesten.
Walcott samarbeidde i 1997 med Paul Simon om musikalen The Capeman, som tek opp tilveret for ein puertoricanar som har flytta til USA.
Forfattaren deler i dag tida si mellom universitetet i Boston, der han underviser i skrivekunst, og Trinidad, der han har leia eit teater i rundt 25 år.