Det armenske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det armenske flagget eller Den armenske trikoloren består av tre like breie vassrette band med fargane raud, blå og oransje.
Dei tre fargane har vore forbunde med nasjonen gjennom mange århundre. Flagget vart opprinneleg brukt som nasjonalflagg i den korte perioden som uavhengig stat etter fyrste verdskrigen, og vart igjen teke i bruk som offisielt flagg, då Armenia erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen.
[endre] På verdsveven
- Armenica.org - Informasjon om det armenske flagget og riksvåpenet