Det buddhistiske livshjulet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omgrep |
anatman - dei fem rettesnorene - den gylne middelvegen - den åttedelte vegen - dharma - karma - livshjulet - nirvana - samsara - Fire edle sanningar: dukkha - samudaya - nirodha - magga |
Det buddhistiske livshjulet er ein innvikla teikning som står for samsara, det forgjengelege jordelivet.
Livshjulet kan òg kallast dharmahjulet, lovhjulet, gjenfødingshjulet, samsarahjulet eller lidingshjulet. Det blir òg kalla chakra, frå sanskritordet som tyder 'hjul'.
Innhaldsliste |
[endre] Oppbygging
Sjølve hjulet blir halde opp av Jama, dødsguden, som har makt over alt som lever. I dei to øver hjørna sit alltid to figurar eller symbol, til dømes ein måne, ein buddha eller ein bodhisattva.
[endre] Ytre sirkel: Tolv ledd
Den ytre sirkelen viser ein kjede med tolv ledd som viser årsaken til at me lever eit liv fylt av karma og dermed òg samsara.
Dei tolv ledda er
- uvit, symbolisert av ein blind mann
- gjerningar, symbolisert av ein pottemakar
- medvit, uttrykt gjennom ein apekatt
- kropp og hug, symbolisert av to eller fleire folk i ein båt
- dei fem sansane og hugen, vist som eit hus med fem vindauge og ei dør
- kontakt mellom sansane og det ein kan sansa, uttrykt av eit elskande par
- kjensler, her i form av ein mann med ei pil i auget
- tørste, symbolisert av ein mann som drikk
- griping, vist med ein mann som plukker frukt frå eit tre
- tilbliing, uttrykt gjennom ei gravid kvinne eller eit par i ei seng
- fødsel
- alderdom og død, vist gjennom ein gammal mann eller eit lik
[endre] Nest ytst: Dei seks rikene
Innanfor dette finst framtredande framstillingar av dei seks sfærene (rikene) der dei ulike skapningane høyrer heime: Gudane, halvgudane, menneska, dyra, dei svoltne spøkelsa, og demonane. Ein boddhisattva passar på kvart rike.
[endre] Nest inst: Dei to karmavegane
Det finst to karmavegar, ein svart til høgre som viser korleis dårleg karma fører til gjenføding på eit lågare nivå, og ein kvit til venstre som viser korleis god karma fører til gjenføding på eit høgare nivå.
[endre] Den inste sirkelen
I midten av livshjulet jagar ein gris, ein hane og ein slange etter kvarandre. Desse dyra står for negative eigenskaper som dannar grunnlaget for karma og dermed bind oss til livet på jorda: uvit, begjær og hat.