Bhutan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
Offisielle språk | Dzongkha | ||||
Hovudstad | Thimphu | ||||
Styresett |
Monarki Jigme Khesar Namgyal Wangchuck Khandu Wangchuk |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
47 000 km² (132.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2002) - Tettleik |
2 232 291 (139.) 2 094 176 47/km² (123.) |
||||
Sjølvstende |
Historisk | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2 913 mrd. USD (160.) 3 330 USD (142.) |
||||
Valuta | Ngultrum | ||||
Tidssone | UTC +6 | ||||
Nasjonalsong | Druk tsendhen | ||||
Nasjonaldag | 17. desember | ||||
Internasjonal telefonkode | +975 | ||||
Nasjonale toppdomene | .bt | ||||
Bhutan er eit lite land i Himalaya i Sør-Asia. Landet grensar til India og Folkerepublikken Kina. Det eigentleg namnet på Bhutan, Druk Yul (uttala dru ü), tyder dragelandet.
Landet er kjend for å vera eitt av dei mest avsondra i verda gjennom ein medviten politikk ført av dei bhutanske kongane. Mellom anna er det påbode å bera tradisjonelle klede. Få utlendingar har fått reisa inn i landet, og moderne massemedia har vore haldne ute. I dag er likevel både turisme og media i vekst.
Fram til 1998 hadde kongen totalitær makt i landet, men etter det har han gradvis gjeve frå seg meir og meir makt. Kong Jigme Singye Wangchuck har gjort det kjent at han kjem til å abdisera i 2008 og gjeva trona over til sonen kronprins Jigme Khesar Namgyec Wangchuck, samstundes med at det skal haldast nasjonale val, og eit parlamentarisk demokrati skal innførast. Bhutan skal såleis framleis vera eit monarki.
[endre] Klima
Den sørvestlege monsunvinden vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengder regn. I nordlege område av landet har ein derimot ein god del torevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje av nedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Landet har ein normal årsnedbør på om lag 3000 mm, og det meste kjem frå mai til oktober. Under dei høgaste fjelltoppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgenen, og av og til litt tåke.
Sør-Asia |
Bangladesh | Bhutan | India | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |