Det svenske sametinget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det svenske Sametinget er eit forvaltingsorgan for samane i Sverige med 31 representantar i eit folkevald parlament.
Opprettinga av Sametinget kom som resultat av fleire tiårs arbeid for politiske rettar, og i 1982 sette den svenske regjeringa i gang arbeidet med ei utgreiing, Samerättsutredningen. Regjeringa var likevel ikkje viljug til å gå lenger enn til eit organ med avgrensa påverknadskraft. I 1993 vart Sametinget grunnlagt som ei statleg myndigheit og eit folkevald organ. Som statleg myndigheit er Sametinget likevel tvunge til å setje i kraft den politikken som den svenske riksdagen og regjeringa fattar, noko som kan gå i mot politikken til dei samiske partia.
Ei viktig arbeidsoppgåve for Sametinget er å informere om samane og samiske tilhøve.
Tilsvarande sameting finst også i Noreg (Sametinget i Noreg, oppretta 9 oktober 1989) og Finland (Sametinget i Finland, oppretta 1 januar 1996). I 2001 var det 6701 registrerte røysteføre samar i Sverige.
Etter sametingsvalet 2005 var seks parti representert på tinget:
- Jakt- och fiskesamerna
- Sámiid Riikabellodat (Samelandspartiet)
- Samerna
- Vuovdega (Skogssamerna)
- Guovssonásti
- Min Geaidnu ( Mijá Gäjnno eller Mijjen Geajnoe, tyder «Vår veg»)