Egon Krenz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egon Krenz (fødd 19. mars 1937) er ein tidlegare kommunistisk politikar i DDR, som han leia etter partifellen sin Erich Honecker frå 18. oktober til 6. desember 1989.
Han var lenge leiar av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i DDR FDJ, og også av barneorganisasjonen Junge Pioniere (1971 - 1974).
Etter samanslåinga av dei to tyske statane vart han stilt for retten for brotsverk som hadde hendt under den kalde krigen, spesielt drapa på personar som freista flykta over muren i Berlin, og for å ha vore ansvarleg for dei vala DDR-regimet hadde manipulert og andre kriminelle aktivitetar. Etter lange rettssaker vart han i 1997 dømd til seks og eit halvt år i fengsel. Sidan han anka dommen vart han likevel sett fri frå varetekt medan ein venta på behandlinga av anken. I 1999 stadfesta den tyske høgsteretten dommen. Krenz skildra det som «sigersjustis» og «kald krig i rettssalen». 11. januar 2000 avviste forfatningsdomstolen ei klage frå Krenz, og 13. januar byrja han soninga i Berlin-Spandau. Han vart sett fri før tida etter å ha sona i tre år jula 2003, og etter at ei psykiatrisk undersøking slo fast at det var forsvarleg å sette han fri. Etter frigjevinga slo han seg stilt ned i Dierhagen i Mecklenburg.