Eide Forlag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eide Forlag A/S er eit norsk bokforlag som er heimehøyrande i Bergen.
Innhaldsliste |
[endre] Oppstarten
Forlagsdrifta vart starta i 1880 av Johan Wilhelm Eide som tolv år tidlegare også hadde grunnlagt Bergens Tidende. Grunnen til at han gav seg ut på forleggjarversemd var at Vestmannalaget sto utan forleggjar til vinnaren av tevlinga foreininga hadde hatt om den beste ABC-boka på landsmål. Då tok boktrykkjar Eide, som opphaveleg var frå Stryn, på seg å gje ut fyrstepremiemanuset til Andreas Austlid. Framover mot århundreskiftet gav Eide ut eit fåtall andre bøker, men forleggjarverksemda var eit underskotsforetak og snart gjekk forlaget i dvale.
[endre] Etterkrigstida
Ikkje før i 1945 livna det til att, då med at ei sterk satsing på barnebøker. Men pengane tente forlaget på vaksenbokutgjevingar som til dømes Sjetlands-Larsen av Frithjof Sælen, Nord for det øde hav av Liv Balstad og Den tause verden av Jacques-Yves Cousteau, og det gav dei rom til å ha høg kvalitet på barnebøkene, som ofte var tapsprosjekt. Eide Forlag gav til dømes ut internasjonale barnebokklassikarar som Det suser i sivet av Kenneth Grahame, Alice i eventyrland og Gjennom speilet av Lewis Carrol og Peter Pan av J.M. Barrie for fyrste gong på norsk, alle omsette av Zinken Hopp, dei gav også ut nye, fine utgåver av bøker som Tom Sawyer og Huck Finn av Mark Twain. Etter at forlaget gjekk på ein stor økonomisk smell med det store verket Havet og våre fisker tidleg på 60-talet vart verksemda gradvis trappa ned att.
[endre] Fram mot notida
Ikkje før på midten av 80-talet byrja ein ny periode med vekst i selskapet. Då satsa dei mellom anna på ein serie hefta kriminal- og spenningsbøker, serien vart redigert av Gunnar Staalesen. Men då det ikkje vart balanse i reknskapa i denne omgongen heller, bestemte Bergens Tidende seg for å selga selskapet og det vart kjøpt av Trine Kolderup Flaten som hadde vore ein av redaktørane dei siste åra og som no driv selskapet saman med Roald Flaten. Forlaget har no omlag 20 utgjevingar i året, og av utgjevingar frå dei siste åra kan ein nemna Norsk forsvarshistorie i 5 band og ei satsing på science fiction og fantasy-litteratur.