1945
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
- Den andre verdskrigen slutta i mai i Europa og i september i Asia.
[endre] Utlandet
- 5. januar: Sovjetunionen godkjende det nye sovjetvenlege styret i Polen.
- 13. januar: Raoul Wallenberg vart arrestert av sovjetiske styrker i Budapest.
- 17. januar: Sovjetiske styrker okkuperte Warszawa.
- 30. januar: Wilhelm Gustloff, eit tysk skip med 10 000 flyktingar frå Gdynia, vart senka av den sovjetiska ubåten S-13. 9 300 døydde.
- 2. februar: Jaltakonferansen.
- 13. februar: Dresden søraust i Tyskland vart utsett for brannbombing av allierte bombefly. Om lag 35 000 døydde under bombinga av Dresden.
- 19. februar: 35 000 amerikanske soldatar gjekk i land på Iwo Jima.
- 23. februar: Den filippinske hovudstaden Manila vart teken av amerikanska styrkar.
- 6. mars: Kommunistisk regjering installert i Romania.
- 7. mars: Brua over Rhinen ved Remagen vart teken av amerikanske styrkar.
- 8. mars: Josip Broz alias Tito skipa regjering i Jugoslavia.
- 30. mars: Sovjetunionen invaderte Austerrike og tok Wien.
- 12. april: Franklin D. Roosevelt, USA sin president, døydde. Etterfylgjaren var visepresidenten Harry S. Truman.
- 25. april: Amerikanske og sovjetiske tropper møttest i byen Torgau. Tyskland vart skore i to delar.
- 25. april: Berlin vart innringa av sovjetiska styrkar.
- 2. mai: Sovjetiske styrkar proklamerte at dei hadde teke Berlin.
- 3. mai: Wernher von Braun og 120 av medarbeidarane hans gav seg over til amerikanske styrkar.
- 7. mai: Alfred Jodl, tysk generalstabsjef, underteikna kapitulasjon utan vilkår.
- 8. mai: Krigen i Europa slutt.
- 9. mai: Amerikanska styrkar arresterte Hermann Göring.
- 26. juni: Vedtektene til dei sameinte nasjonane vart underteikna.
- 1. juli: Tyskland delt mellom dei fire okkupasjonsmaktene.
- 16. juli: Fyrste atombombeprøve.
- 17. juli: Potsdamkonferansen tok til.
- 26. juli: Winston Churchill gjekk av som statsminister i Storbritannia. Arbeidarpartiet (Labour) sigra i valet. Etterfylgjar vart Clement Attlee.
- 31. juli: Samlingsregjeringa som hadde styrt Sverige under den andre verdskrigen gjekk av. Per Albin Hansson skipa ei sosialdemokratisk regjering.
- 6. august: Hiroshima vart treft av den fyrste atombomba nytta i krig. 60 000 døydde med det same.
- 8. august: Nagasaki veat treft av den andre atombomba nytta i krig. 60-80 000 innbyggjarar døydde og om lag 20 000 vart skada.
- 15. august: Japan kapitulerte.
- 17. august: Indonesiske nasjonalistar erklærte sjølvstende frå Nederland. Achmad Sukarno vart president.
- 2. september: Japan sin offisielle kapitulasjon ombord på USS Missouri. General Douglas MacArthur og admiral Chester Nimitz representerte USA medan utanriksminister Mamoru Shigemitsu og Yoshihiro Umetsu representerte Japan.
- 8. september: Amerikanske styrker okkuperte den sørlege delen av Korea, medan Sovjet okkuperte i nord. Koreakrigen hadde bakgrunn i desse okkupasjonane.
- Den japanske utanriksministeren Tojo Hideki prøvde å ta livet av seg.
- 17. oktober: Oberst Juan Perón gjorde statskupp og vart president i Argentina.
- 13. november: Charles de Gaulle vart vald til president i Frankrike.
- 20. november: Nürnbergprosessen vart innleia.
[endre] Noreg
- 9. februar: Den svarte fredagen, stort luftslag i Sogn og Fjordane fylke.
- 8. mai: Dei tyske styrkane i Noreg la ned våpna. 8. mai 1945 har sidan vorte feira som frigjeringsdagen.
- 9. mai: Vidkun Quisling vart arrestert.
- 6. juni: Kong Håkon VII kom attende til Oslo.
- 23. juni: Den norske dagsavisa Verdens Gang kom ut med sitt fyrste nummer.
- 25. juni: Kong Haakon VII utnemnde Samlingsregjeringa, Einar Gerhardsen si fyrste regjering.
- 30. juni: Johan Nygaardsvold si regjering kom til Noreg frå London.
- 8. oktober: Stortingsvalet 1945. Arbeidarpartiet fekk reint fleirtal på Stortinget.
- 1. november: Utnemninga av Einar Gerhardsen si andre regjering.
[endre] Fødde
[endre] Døde
- 2. februar: Carl Goerdeler, tysk politikar, avretta.
- 8. februar: Karl A. Marthinsen likvidert. Martinsen var statspolitisjef i det okkuperte Noreg.
- 3. februar: Roland Freisler, tysk jurist.
- 5. februar: Ragnar Östberg, svensk arkitekt.
- 12. mars: Anne Frank, jødisk dagbokforfattar. Døydde av tyfus i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen.
- 26. mars: David Lloyd George, britisk statsminister 1916-1922.
- 31. mars: Torgny Segerstedt, svensk religionshistorikar.
- 2. april: Johannes Bachmann, tysk sjømilitær, admiral 1942, fall i kamp.
- 12. april: Franklin D. Roosevelt, amerikansk president 1932-45.
- 28. april: Benito Mussolini, italiensk fascistisk diktator 1922-43, avretta.
- 30. april: Adolf Hitler, tysk diktator og rikskanslar, tok livet av seg i bunkeren i Berlin
- 30. april: Eva Braun, elskarinna til Hitler, tok sjølvmord i bunkeren i Berlin.
- 1. mai: Joseph Goebbels, tysk propagandaminister. Han tok livet av seg.
- 8. mai: Josef Terboven, tysk rikskommisær i Noreg. Han tok livet av seg.
- 10. mai: Konrad Henlein, sudettysk nazistisk politikar. Han tok livet av seg.
- 23. mai: Heinrich Himmler tok livet av seg i britisk fangenskap. Himmler var leiar for SS.
- 19. juli: Otto von Schrader, tysk sjømilitær, tok livet av seg. Schrader var kommanderande admiral for den norske vestkysten.
- 4. oktober: Hans Birger Egeberg, medlem av Rinnanbanden, avretta på Kristiansten festning i Trondheim
- 6. oktober: Leonardo Conti, tysk nazistisk politikar, lækjar, SS-Obergruppenführer (tok livet av seg).
- 15. oktober: Pierre Laval, fransk politikar, avretta.
- 20. oktober: Ole Wehus, avretta på Akershus festning i Oslo som del av det norske landssvikoppgjeret.
- 24. oktober: Vidkun Quisling vert avretta på Akershus festning i Oslo.
- 25. oktober: Robert Ley, tysk nazistisk politikar. Han tok livet av seg.
- 20. desember: Den amerikanske generalen George S. Patton døydde etter ei bilulukke.
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>