Eininga fat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fat (engelsk barrel) er ei eining for volummåling av råolje. Eit fat er 42 US Gallons og svarar til 158,97 liter. Fat er ikkje ei SI-eining.
Det var i Pennsylvania at ein starta med å måle olje i fat, og seinare vart eininga ein standard for måling og prissetjing av olje.
Andre tydingar:
- UK beer barrel: 36 UK gallons (163,7 liter)
- US beer barrel: 31 U.S. gallons (117,3 liter).
- US non-beer liquid barrel: 31,5 U.S. gallons (119,2 liter), ein halv hogshead.
- US dry barrel: 105 dry quarts (115,6 liter).
Oljedirektoratet har gått over til å bruke standardkubikkmeter Sm³ for volummåling av olje og naturgass på den norske kontinentalsokkelen. Forholdet mellom Sm³ og fat er 1 : 6,29.