Ekvipotensiell temperatur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekvipotensiell temperatur, òg kalla Theta-e , er eit mål på stabiliteten til lufta ved eit visst trykk, fukt og temperatur. Visst ein tenkjer seg ein luftpakke med ein viss temperatur eit godt stykke over bakkenivå, der all fukt kondenserar og fell ut som regn, så kan den latente varmen som vert frigjeve brukast til å varme opp den tørre lufta. Temperaturen i ein slik luftpakke vert kalla ekvivalent temperatur. Ekvipotensiell temperatur får ein då ved å rekne oss langs tørr-adiabaten ned til havnivå. Til dømes kan luftpakken i utgangspunktet ligge i 1000 m høgd med ein ekvivalent temperatur på 5ºC. Visst ein senkar luftpakken tørr-adiabatisk (ca 1ºC/100 m) vil den ekvipotensielle temperaturen i dette tilfellet vere 5ºC + 10ºC = 15ºC.
Denne metoden kan ein bruke som eit mål på stabiliteten til lufta i forskjellige trykknivå.
Likninga for theta-e er som følgjer:
der:
- Te = ekvivalent temperatur
- T = Temperaturen i trykknivå p
- p = trykket (hPa)
- p0 = standard referanse trykk (1000 hPa)
- R = spesifikk gasskonstant for luft (287 J/(kg·K))
- cp = spesfikk varme til tørrluft med konstant trykk (1004 J/(kg·K))
- lv = latent varme frå fordamping ((2400 kJ/kg {ved 25ºC} til 2600 kJ/kg {ved -40ºC})
- r = blandingsforholdet til vassdamp i luft.
[endre] Sjå òg
[endre] Referansar
- M K Yau and R.R. Rogers, Short Course in Cloud Physics, Third Edition, publisert av Butterworth-Heinemann, 1. Januar, 1989, 304 sider. EAN 9780750632157 ISBN 0-7506-3215-1
- http://meted.ucar.edu/awips/validate/thetae.htm