Erik Palmén
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Palmén (1898 - 1985) var ein finsk meteorolog. Han jobba i lag med Vilhelm Bjerknes og var ein del av Bergensskulen i meteorologi, som skapte teorien bak syklonar og vêrfrontar. Palmén var ein av meteorologane som var med på å forklare dynamikken i jetstraumar ved University of Chicago (i lag med mellom anna Carl-Gustaf Rossby). Han gjorde òg mykje grunnleggande arbeid med datainnsamling frå radiosondar, og kvalitetssjekka fleire datasett som vart mykje brukt av andre forskarar. Palmén skreiv artiklar innan fleire fagfelt knytta til meteorologi, som geofysikk og oseanografi. Boka, «Atomspheric Circulation Systems: Their Structure and Interpretation» frå 1969, som han skreiv i lag med Chester W. Newton, vert framleis brukt av mange universitet rundt om i verda i dag.