Vilhelm Bjerknes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilhelm Friman Koren Bjerknes (14. mars 1862–9. april 1951) var ein norsk fysikar og meteorolog. Bjerknes vert rekna som grunnleggjar av moderne vêrvarsling. Han var òg grunnleggjaren av Bergensskulen i meteorologi.
Bjerknes var fødd i Christiania og fekk tidleg interesse for hydrodynamikk. Ei tid var Bjerknes assistent for far sin, Carl Anton Bjerknes, innan matematisk forsking. I 1890 vart han assistent for Heinrich Hertz og gav viktige bidrag til Hertz sitt arbeid om elektromagnetisk resonans.
I 1895 vart han professor i anvendt mekanikk og matematisk fysikk ved universitetet i Stockholm. Grunnleggjande samanhenger mellom fluiddynamikk og termodynamikk vart utforska og forklart. Arbeidet hans inspirerte både V. Walfrid Ekman og Carl-Gustav Arvid Rossby til å nytta resultata. Rørsler i stor skala i verdshava og atmosfæren kunne i større grad kartleggjast. Slik kunne vérvarslinga utviklast meir profesjonelt. Allereie i 1904 såg Bjerknes at forskinga kunne nyttast i vérvarslinga.
I 1907 kom Bjerknes attende til universitetet i Christiania før han vart professor i geofysikk ved universitetet i Leipzig i 1912. I 1917 grunnla han Geofysisk institutt ved Bergen Museum. I Bergen skreiv han boka On the Dynamics of the Circular Vortex with Applications to the Atmosphere and to Atmospheric Vortex and Wave Motion (1921). Fra 1926 til han gjekk av i 1932 var han professor ved universitetet i Oslo.
Bjerknes gjorde opptak til å etablera Vérvarslinga på Vestlandet.
Både på planeten Mars og på Månen er eit krater oppkalla etter Bjerknes.
Meteorologen Jacob Bjerknes (1897-1975) var son av Vilhelm Bjerknes.
[endre] Litteratur
- Robert Marc Friedman: Appropriating the weather : Vilhelm Bjerknes and the construction of a modern meteorology, New York 1989. ISBN 0801420628 (hardcover), ISBN 0801481600 (paperback)
- William Helland-Hansen: (hovudredaktør): Naturhistorisk vegbok, Hordaland, Bergen Museum 2004. ISBN 8273260615
- Sverre Petterssen: Kuling fra nord. En værvarslers erindringer Oslo 1974. ISBN 8203062784